Lærar
Herøy kommune, Kvalifiseringssenter
Lisjebøvegen 23, 6091 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. desember
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette. Vi har no ledig eit vikariat frå 1.1.27-30.06.27, (med moglegheit for forlenging) på 80 % som lærar for vaksne deltakarar.
Kvalifiseringssenteret er organisert under sektor for kultur og oppvekst, saman med kulturavdelinga, skule, barnehage og kulturskulen.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i norsk som andrespråk og grunnmodul (alfabetisering) i grunnskuleopplæring
- Undervisning i samfunnskunnskap og arbeidsnorsk
- Funksjon som kontaktlærar
- Samarbeid med arbeidsgjevarar i bedrifter i høve praksis for deltakarar på norskopplæring
- Tett samarbeid med flyktningtenesta og NAV
- Leggje til rette for best mogleg kvalifisering for å meistre eigen kvardag i Noreg
Kveldsundervisning ein gong i veka kan påreknast.
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning og studiepoeng i norsk
- Bør ha 30 studiepoeng i norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vil vere ein fordel
- God digital kompetanse
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn
- Ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar
- Fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver
- God formidlingsevne, har tydeleg kommunikasjon
- God på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling
- Er målretta og har evne til å arbeide sjølvstendig
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- Eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap
- Heilskapleg tenking med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring
- Personleg rettleiing og samhandling
- God pensjonsordning og fritidsforsikring
Vi tilset på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarliste kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25.000,- kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Kontaktinformasjon
Camilla Storøy, Avdelingsleiar, kvalifiseringssenteret, 41424728Arbeidsstad
Lisjebøvegen 236091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5213583570
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Søknadsfrist: 07.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Camilla Storøy
Avdelingsleiar, kvalifiseringssenteret
41424728
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8ae2195a-ceb2-4dc4-81ce-ddb2c8574555
- Sist endret
25. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
830c7ae63a7f4c2a9163cdd5c25bbfcc