Overlege i indremedisin med spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi
Medisinsk seksjon Nordfjord, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege i indremedisin
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus søkjer overlege i indremedisin med spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi.
Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde.
Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har fire overlegestillingar og seks LIS1 i normal drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjord-regionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde.
Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, inkludert3 observasjonssenger. Vi driftar også dagbehandling for dialyse og fleire ulike poliklinikkar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i vaktordning som medisinsk bakvakt på medisinsk sengepost
- Ansvar for oppgåver knytt til sengepostarbeid og poliklinisk verksemd for aktuelt fagfelt
- Rettleiingsansvar for legar i spesialisering ( LIS1)
Kvalifikasjonar
- Må ha godkjent norsk autorisasjon som lege med spesialisering i indremedisin og spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi. Anna spesialisering kan også være aktuelt. Må då ha erfaring frå vaktarbeid i indremedisinsk sengepost.
- Ha erfaring frå sengepost-, vakt- og poliklinisk arbeid
- Det er ein fordel å ha kjennskap til IT-systema DIPS og MEONA
- Må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du må vere fagleg engasjert
- Du må ha gode evner til kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du må være påliteleg og ansvarleg, både med tanke på å følgje opp pasientar og administrative oppgåver
- Du må vere framtidsretta og løysingsorientert i forhold til tenesteutvikling
- Du må ha engasjement for samhandling både internt og eksternt for å utvikle tenestene med pasienten i fokus
- Du må vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
- Du må gjere ditt beste for å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
- Høve til å drive utvikling av "Pasientens helseteneste"
- Nordfjordeid er ein flott plass å bu!
- Fleire barnehagar i området, skular og høg tilgang på fritidsaktivitetar mellom anna innan friluftsliv, trening og kultur
- Fine sjukehusbustadar. Vi hjelper til med å skaffe bustad,-oppgje i søknaden dersom det er ynskjeleg
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og individuell avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90 198Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5078912686
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8ad1fe2a-23ea-424a-a41a-88cdd8cbd2e4
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b1f1aa026f004f09a09059376ca78efd