100% stilling som vernepleiar
f.t. ved Davik oppvekst, avdeling skule, Bremanger kommune
Sørsida 1801, 6730 Davik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Ved Davik oppvekst avd. skule, har vi ledig ei 100% fast stilling som vernepleiar.
Davik oppvekst er ein 1-10 skule, med ca. 60 elevar og barnehage.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som vernepleiar
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Gode norsk-kunnskaper
Andre med fagbrev, anna relevant utdanning eller erfaring kan også søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og
kommunikasjonsferdigheiter - Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar, vernepleiarar, barnehagelærarar og fagarbeidarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Helge Bakke, Driftssjef, +47 95985264Arbeidsstad
Sørsida 18016730 Davik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5016609632
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Helge Bakke
Driftssjef
+47 95985264
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8aa2f34f-be77-4026-97b4-2a6dfc514326
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8414b66937ea4ec6b32db44bac40c257