Avdelingsinspektør i fengsel (vikariat) - Agder fengsel, Evje ungdomseining
Agder fengsel
Sanitetsstien 7, 4735 Evje
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsinspektør i ungdomsfengsel (vikariat) - Agder fengsel Evje ungdomseining
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. desember
Om stillinga
Agder fengsel, Evje avdeling skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga er ei avdeling med høg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal være i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Omlag 75 av desse på Evje.
Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter ein avdelingsinspektør i eit vikariat fram til 31.08.26, med mulegheit for forlengelse.
Avdelingsinspektøren vil saman med dei to andre avdelingsinspektørane, ha ei sentral rolle ovanfor basisbemanninga vår, som består av både miljøterapeutar og fengselsbetjentar. Vidare er avdelinga framleis under etablering, og inspektøren må saman med avdelingsleiar og sikkerheitsinspektør, vere innstilt på å utvise stor fleksibilitet ovanfor arbeidsoppgåver og behov, slik at leiargruppa samla kan klare å levere på oppdraget.
Til stillinga ligg vegleiingsansvar for eininga si basisbemanning. Denne skal ha stort fokus på tryggleik i det daglege, og skal ha høgt miljøterapeutisk fokus. Inspektøren vil ha ei viktig rolle i å sørge for at arbeidet og soninga blir opplevd å være trygt og sikkert. Mykje av arbeidet vil foregå ute på avdelinga saman med innsette og tilsette.
Avdelinga skal ha stort fokus på dynamisk sikkerheit, som blant anna innebærer relasjonsbygging med dei innsette, god relasjonsbygging mellom innsette og gjennom det bidra til eit soningsklima med så lite utagering og konflikt som mogleg. Avdelinga skal ha fokus på god rehabilitering for barn, og det krevst god fagforståing knytt til dette.
Til stillinga ligg periodesvis ein del administrativt arbeid, som arbeid og evaluering av rutiner, saksbehandling, vedtaksskriving og oppfølging av gjeremål og arbeidsoppgåver i samarbeid med basis.
Arbeidsoppgåver
- leie arbeidsteam i turnus (basisbemanninga) beståande av fengselsutdanna personell, personell med annan kompetanse (sosial, helse, pedagogikk), og eventuelt dagtidspersonell
- sørge for fagleg og personalmessig utvikling, gode rutinar og følgje opp og kvalitetssikre arbeidet
- personalansvar for nytilsette
- bidra til måloppnåing gjennom god vegleiing, styring av tilsette og fysisk tilstedeværelse i fellesskapet
- vegleie tilsette knytt til dynamisk sikkerheit, miljøterapeutisk arbeid og fengselsfagleg arbeid
- sakshandsaming etter Straffegjennomføringslova §10a
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- relevant høgskuleutdanning som bachelor, feks innan sosialt arbeid, barnevern, vernepleie, pedagogikk - eller bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- relevant erfaring frå fengsel, friomsorg, barnevern, helsesektor eller sosialt arbeid
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god språkleg forståing
- god fysisk form
- førarkort klasse B
- stor fagleg interesse for fagfeltet
- formell vegleiingskompetanse
- erfaring frå arbeid med barn og unge
- relevant leiarerfaring, gjerne frå kriminalomsorga
- stor interesse for leiarfaget
- erfaring fra personal- og sjukefråværsoppfølging
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- er robust og trygg, evner å møte krevjande innsette med ei fagleg tilnærming med fokus på konfliktdemping
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for både dei innsette og tilsette
- resultatorientert
- stor interesse for fagfeltet
- høg omstillingskompetanse
- i tråd med etatens verdiar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø
- eit spennande fagmiljø
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- tilgang på treningsrom, pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter), gratis parkering, lading for el-bil
- stillingen blir avlønna som fengselsinspektør 0266 avhengig av utdanning og erfaring / kvalifikasjonar. Avlønning er sett til kr 651 000 - 775 000 ut frå erfaring og kompetanse. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Agder fengsel fremmer et inkluderende arbeidsmiljø og partssamarbeid er en viktig faktor i dette.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8a853d60-3220-4b5b-a7b2-cb5ee1a7f892
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273156
Lignende annonser
Miljøterapeut (sosionom)
Arbeidsgiver
Næromsorg As
Sted
Arendal, Kristiansand
Arbeidsgiver
Agder Sikkerhet
Sted
Agder, Telemark, Arendal
Arbeidsgiver
Habiliteringstjenesten
Sted
Evje