Vassenden heimeteneste har ledig stilling for sjukepleiar
Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste
Sunnfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige sjukepleiarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Du vil få ein unik breiddekompetanse, der du aktivt får nytta ferdigheitene og kunnskapen din. Søkjer du utfordringar og variasjon i arbeidskvardagen, er dette jobben for deg. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø.
Vi har ledig:
Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det vil også være moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon. 
Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvarleg for å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i hendhald til gjeldande vedtak.
- Å fremme god helse, førebygge sjukdom og lindre liding.
- Bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen.
- Samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar.
- Sørge for at nødvendige prosedyrar og rutinar er utarbeida.
- Bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utførast i tråd med kvalitetskrav og lovverk.
- Ansvar for legemiddelhandtering, samstemming og legemiddelgjennomgangar.
- Gi rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
- God IT-kunnskap
- Førarkort klasse B
Gyldig politiattest av ny dato må framleggast før start i stilling.
Vi søker deg som:
- har interesse og engasjement for fagfeltet
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
- er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
- er fleksibel og likar utfordringar
- har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- drivande godt arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilsettinga etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
- rekruttering/ stabliseringtillegg på kr. 5000
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 8a457cce-f1b8-4f00-8329-d845ad13ea10 
- Sist endret
- 24. oktober 2025 
- Hentet fra
- visma-easycruit 
- Referanse
- 3557337_191731_nn 
Lignende annonser
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter
Sted
Førde
Ledige stillingar som sjukepleiar i heimetenesta på sone aust
Arbeidsgiver
Voss herad Heimeteneste sone aust
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Vaksdal