Vikariat som lærar på Øystre Slidre ungdomsskule
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat som lærar på Øystre Slidre ungdomsskule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss.
- 100% vikariat frå 01.01.2026 til 31.05.2026
- 100% vikariat frå 01.02.2026 til 30.11.2026
- 100% vikariat frå 01.02.2026 til 30.11.2026
Vi har 103 elevar skuleåret 25/26. Vi jobbar i hovudsak i team, men og i ein to-lærar funksjon. I ein to-lærarfunksjonen arbeidar ofte faglærar på tvers av trinna. Mykje av samarbeidet i basisfaga foregår i fagseksjonar som vi set av tid til gjennom skuleåret. Vi er og med i Læringsmiljøprosjektet, som er eit prosjekt som går over 2 år der vi skal arbeide spesielt med miljøet rundt elevane våre og vaksenrolla. Dette prosjektet passar ØSUS veldig godt då vi er opptekne av å skape gode relasjonar med både elevane og foreldra. Samtidig som og vi ser på oss vaksne, vår rolle i relasjonsbygging og korleis vi påvirkar miljøet rundt ungdommane våre. Hjå oss vil du møte engasjerte og motiverte vaksne som og set pris på godt kollegialt samarbeid og fellesskap. Vi ønskjer å legge tilrette for at skulekvardagen blir så god som mogleg for ungdomane våre, med tydelege rammer og forventningar, både fagleg og sosialt.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlærarfunksjon
- Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
- Kontakt med foreldre og andre instansar der det er behov
- Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter lærarar med trygg og god klasseleiing som legg til rette for fagleg fokus
- Godkjent utdanning som lærar i grunnskulen, jmf. Forskrift til opplæringslova, §12-1 - §12-6
- Det er ønskjeleg med formell kompetanse i engelsk og kroppsøving. Andre fag kan òg vere aktuelle.
- God kompetanse innan klasseleiing og relasjonar
- Gode faglege og didaktiske ferdigheiter
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Lærarstudentar kan bli vurdert for tilsetting på vilkår om at utdanninga blir fullført
Personlege eigenskapar
For elevane på Øystre Slidre ungdomsskule er det viktig at du:
- er ein trygg klasseleiar
- er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
- kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
- har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
- ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
- har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen
Vi tilbyr
Når du kjem til oss i Øystre Slidre, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulane har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. På skulene hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Ledelsen på vår skule er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing.
Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar.
Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.
Lærarar har telefongodtgjering og avtale om arbeidstøy.
Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.
Som busett i Øystre Slidre kommune får du nedskriven studielån.
Kontaktinformasjon
Siv Theodorsen, Rektor ØSUS, +47 41761631Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5034267038
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Siv Theodorsen
Rektor ØSUS
+47 41761631
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
89c0c9b1-4f37-43b9-b890-b01cb1b2be9e
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6b6ae1fad724a719e69ceaf0967aadf
Lignende annonser
Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Utdanning og kultur
Sted
Vang i Valdres
Arbeidsgiver
Innlandet fylkeskommune Valdres vidaregåande skule
Sted
Leira i Valdres
Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Sted
Heggenes