Hopp til innhold

Vil du bli med oss ut i natta?

Arbeidsgiver

Heimetenesta, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarb/hj.pleiar på natt
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus, natt
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Er du sjukepleiar, verenpleiar eller helsefagarbeidar- og trivst best når andre har gått til ro?

Medan bygda søv, er vi på vegen. Vi køyrer gjennom mørke haustkveldar, vinterstormar og stille sommarnetter. Kanskje møter vi hjort i vegkanten, ein rev eller berre stjernehimmelen som selskap. Hjå oss får du litt av alt- og ingnen nattevakter er heilt like.

Vi søkjer deg som vil bli ein del av nattevaktslaget vårt i Gloppen heimeteneste.

Vi i heimetenesta har ledig 50 % fast stilling på natt, oppstart snarast.

Du blir ein del av eit nattevaktslag der de er to medarbeidaar på arbeid saman. De samarbeider, støttar kvarandre og sørgjer for at dei som treng hjelp i heimen sin, får trygge og gode tenester gjennom natta. Du må tivast med å ta ansvar, gjere faglege vurderingar og fine gode løysingar når situasjonar oppstår. Og, ja - du må vere komfortabel med å køyre bil i mørket, på smale vegar og i vestlandsver av alle slag.

Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring. Området strekk seg  rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra - Sandane - Anda, til Breim. 


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta og gje omsorg og pleie til brukarar i
    omsorgsbustadar og i heimane som personleg hygiene og ernæring.
  • Kveldsstell og morgonstell
  • Administrering av medisin
  • Betjene tryggleiksalarmar
  • Terminalpleie
  • Samarbeid med pasient og pårørande
  • Samarbeid med lege/legevakt

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som sjukepleiar, evt vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort for personbil 

Personlege eigenskapar

  • Har god fagleg forståing, er trygg i rolla som fagutdanna og kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
  • Du bidreg til eit godt samarbeidsklima, er fleksibel og løysingsorientert.
  • Kan arbeide effektivt og samstundes levere god kvalitet på tenestene.
  • Kjennskap til kvardagsmeistring som metode.
  • Likar å køyre bil.
  • Vi ønskjer ein person med godt humør som trivast med utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på natt.

Vi tilbyr

  • Lokalt tillegg på natt
  • Ei 50 % stilling på natt
  • Meir fleksibel kvardag med fleire fridagar (praktisk for dei som studerer eller ynskjer dag-/ettermiddagar til andre kjekke aktivitetar)
  • Trivlege kollegaer på vakt, du er ikkje åleine
  • En spennande og lærerik arbeidsplass
  • Ei arbeidstid der du får oppleve bygda frå ei litt anna side enn dei fleste
  • Meir ro og fokus til å utføre arbeidsoppgåvene utan mange avbrot frå telefonar og anna informasjonsformidling
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
Kjenner du deg freista? Vi lovar ikkje nordlys kvar natt, og hjorten held ikkje alltid avtalen sin om å dukke opp. Men vi kan love deg jobb der du betyr mykje for andre, får ansvar og blir ein del av eit viktig lag.

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5202629067
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Cecilie M. Helgheim

Tenesteleiar heimetenesta

+47 472 60 601

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

89af9671-ca88-46ae-88e7-e730ba6dc3cf

Sist endret

6. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7006b5af7230485dbe5b234996b5b815

Lignende annonser

Laster lignende annonser