Bioingeniør til flotte Haugalandet søkjes!
Immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi er på jakt etter ny medarbeidarar som ønskjer å bli ein del av det flotte laget vårt. Er du ferdig utdanna til sommeren 2025, søk gjerne på denne stillingen!
Vi er om lag 20 dyktige og trivelege tilsette i avdelinga vår. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med rotasjon på dei ulike arbeidsstasjonane, noko som bidreg til eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er ein tett samansveiset gjeng som set pris på godt samhald og å ha det kjekt saman på jobb.
Stillinga er ein turnusstilling innanfor transfusjonsmedisin. Turnus kan i stor grad tilrettelegges , oppgi i søknad dersom det er ønskelig.
Immunologi og transfusjonsmedisin held til i moderne og velutstyrte lokaler i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er stolte av å vere akkreditert av Norsk Akkreditering, og vi oppfyller alle krav til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO 15189. Våre laboratoriedatasystem inkluderer ProSang og Unilab 700, som støttar oss i å levere arbeid av høg kvalitet. Vi produserer blod ved å bruke Reveos-automatisert produktfremstilling.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål knytta til stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Oppstartsdato kan avtalast. Vi oppmodar nyutdanna til å søkje. Ta gjerne telefonkontakt for ein uforpliktande samtale. Dersom du ønsker vikariat kan vi også avtale for det.
Arbeidsoppgåver
- Blodtypeserologisk analysearbeid
- Tapping av blodgivarar
- Komponentframstilling
- Blodutlevering
- Andre arbeidsoppgåver ved behov.
- Blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad
- Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje nødvendig.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
- Personlig egnethet vektlegges
Hos oss er det viktig at du
- Er ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
- Har gode samarbeidsevner
- Har høg arbeidsmoral
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein trivelig arbeidsplass med godt miljø og inkluderende kolleger.
- Varierte arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280, anita.larsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4835620512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2693987
- Hentet fra
talentech
- Referanse
32c24a8804f04369bd506c3d70639842