Pedagogisk leiar
Tysnes kommune
Onarheimsvegen 299, 5694 Onarheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
Vil du bli vår kollega?
Onarheim barnehage har ledig eit vikariat i 100 prosent stilling som pedagogisk leiar for inneverande barnehageår.
Onarheim barnehage ligg idyllisk til på Onarheim i heilt nye lokaler. Det nye bygget opna hausten 2024. Her har me god boltreplass både inne og ute. Dette barnehageåret tel me 20 barn, og det å vere ein liten barnehage gjere me til vår styrke, det gjer at me er tett på og har høgt fokus på god kvalitet i relasjonen mellom tilsette og barn. I barnehagen vår set me barna i sentrum og skapar trygge rammer for leik og læring. Me trur på krafta i gode relasjonar-både mellom barn og voksne, og i eit kollegialt fellesskap.
I vår barnehage legg me til rette og skapar trygge stimulerande og inkluderande leikemiljø der barna får utforska, bevega seg og læra gjennom leik, saman med vaksne som er gode rollemodellar. Hos oss vil du møta ein kvardag prega av mykje utetid i fine og naturrike omgivnader. Me har ein stor uteplass der det er lagt til rette for kreativ leik, fantasi og gode moglegheiter til å følga opp dei spontane og magiske augeblikka.
Sidan det er ønskjeleg med snarleg oppstart, tek me kontakt med aktuelle kanidatar for intervju fortløpande. Tilsetjing vert gjort etter søknadsfristen.
Kva stillinga går ut på
- Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid på avdeling.
- Tilpassa almennepedagogisk tilbod etter behova til enkeltbarn og barnegrupper.
- Sikra eit trygt og godt barnehagemiljø for alle barn i tråd med gjeldande rammeverk.
- Delaktig i å leia fagleg kompetanseheving, rettleiing og samarbeid i barnehagen.
- Bidra til eit godt samarbeid og kommunikasjon med foreldre og andre samarbeidspartnere.
- Rollemodell og deltek aktivt og legg tilrette for aktivitet og leik, både inne og ute.
Kompetansekrav
- Godkjent utdanning som barnehagelærar.
- Søkjarar med utdanning frå utlandet må legga ved dokumentasjon på at utdanninga er godkjent i Norge.
- Relevant erfaring.
- Søkjar med anna fyrstespråk enn norsk/samisk må dokumentera norskkunnskap i samsvar med barnehagelova § 28.
- Kunnskaper om barnehagen som samfunnsaktør og lærende organisasjon.
- Me krev gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Skriftspråket i Tysnes er nynorsk.
Før ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest, jf. barnehagelova § 30.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Kva me ser etter hos deg
Me ser etter deg som
- evnar å handtera fleire saker på ein gong
- har gode kommunikasjonsevner
- har stort pågangsmot
- er ein inkluderande relasjonsbyggar
- er god på organisering
- ønsker utvikling og er lærevillig!
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobba med oppgåver som gjer deg høve til å forma barna si framtid, skapa verdfulle augeblikk kvar dag og bygga ein karriere fylt med omsorg, læring og glede. Då trur me du vil trivast hos oss!
Hos oss vil du oppleva eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og støtte. Me heiar på kvarandre og bidreg til kvarandre sin suksess. Vår delingskultur og gode tilbakemeldingskultur gjer at me stadig utviklar oss og blir betre saman.
Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i stilling som pedagogisk leiar, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Gjennom Tysnes kommune sin lønspolitikk vert det gjeve eitt tillegget til pedagogiske leiarar pt. på kr 21.000.
I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig fra 2026, dersom Ny ordning for distriktskommuner blir vedteke av Stortinget.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8959e27e-0f50-43a2-a798-ec40c1ed6538
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261760