Kriminalteknikar
Møre og Romsdal politidistrikt
Strandgata 2, 6415 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kriminalteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Om stillinga
Er du nysgjerrig, strukturert og tolmodig? Har du evna til å sjå detaljar og vere fokusert i ulike situasjonar? Kan du setje spor, eller fråvær av spor, i ein samanheng slik at det kan kaste lys over ein hendingsgang?
Vi håpar at du som les dette med engasjement og interesse vil søkje på stillinga som kriminalteknikar i Møre og Romsdal politidistrikt, stadsplassert i Molde. Vi kan love ein givande, utfordrande og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.
Avsnitt for kriminalteknisk etterforsking er organisatorisk plassert på Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE). Avsnittet har ni medarbeidarar på fire lokasjonar i politidistriktet. Vi har brei fagleg bakgrunn og mykje erfaring frå ulike sakstypar. Avsnittet dekkjer 24/7-beredskap med reserveteneste og du må kunne bidra inn i ei slik teneste. I tillegg må du rekne med å bidra i sokkelgruppa sidan politidistrikt har ansvar for slik etterforsking. Du vil få opplæring og kurs som sørgjer for fagleg kompetanse.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.
Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter ein motivert person som er interessert i å bidra i teknisk etterforsking i distriktet. Vi stiller høge krav til fagleg interesse, motivasjon og arbeidsmoral.
Vidare søkjer vi etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar av åstadar, under dette sporsikring og vurdering av hendingsgangen
- Gjennomføre innleiande laboratorieundersøkingar og vurdere vidare sakkunnige undersøkingar
- Samle og tolke resultata frå eigne og eksterne sakkunnige undersøkingar, og dessutan knytte desse saman med eiga åstadsgransking
- Vareta sporsikring og dokumentasjon ved sakkunnige undersøkingar, eksempelvis likundersøkingar og ved ID-saker
- Kunne hjelpe dersom det skjer hendingar på kontinentalsokkelen (deltakar i sokkelgruppa)
- Må rekne med å utføre andre arbeidsoppgåver som avsnittet har ansvar for
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Bestått politi(høg)skulen
- Vidareutdanning i kriminalteknikk 1a
- Interesse og motivasjon for fagfeltet
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
- Fleire vidareutdanningar og kurs innan kriminalteknikk
- Erfaring frå etterforsking
- Anna relevant utdanning eller erfaring
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og høg arbeidskapasitet
- Evne til å prioritere, vere fleksibel og løysingsorientert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass i politiet
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, med tilsetting avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - SKO 1461 - brutto årslønn på kr. 615 000 - kr. 700 000
- Politibetjent 2 - SKO 1459 - brutto årslønn på kr. 565 000 - kr. 620 000
- Politibetjent 1 - SKO 1457 - brutto årslønn på kr. 525 000 - kr. 580 000
- For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering og stillingskode bli vurdert:
- Politiførstebetjent - stillingskode 0285 - brutto årslønn på kr. 650 000 - 720 000
- Politioverbetjent - stillingskode 0287 - brutto årslønn på kr. 680 000 til kr. 760 000
- Godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak på kr. 42 824 og tillegg for eventuell turnusteneste
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Kurt Kim Stige
Avsnittsleiar Kriminalteknikk
+4741551658
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
89219589-f7a2-4e85-891e-574c325bdef2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262845