Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

POLIKLINIKK PSYKISK HELSE DPS MOLDE, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 9. oktober

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har no ei ledig stilling i seksjonen vår. Vikariatet er på seks månader, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år. Vi søkjer ein kollega som er interessert i og engasjert for pasientar med psykiske lidingar.
Stillinga er knytt til eitt av allmennteama våre. Teamet tilbyr utgreiing og behandling for eit breitt spekter av psykiske lidingar hos pasientar med rett til behandling i spesialisthelsetenesta. I tillegg til å arbeide i eit tverrfagleg samansett team, vil du få moglegheit til å knyte deg til ulike kompetansegrupper innan traume, nevropsykologi, eteforstyrringar og personlegdomsforstyrringar. Stillinga vil òg vere knytt til oppstart av eit tilbod om e-behandling ved poliklinikken.

Klinikk for psykisk helse og rus består av fem avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde høyrer til Avdeling for distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er organisert i fleire team: to allmennteam, gruppeteam, ROP-team, fylkesdekkjande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit firedagarsteam (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team.
Poliklinikken har over 50 fagstillingar, mellom anna overlegar i psykiatri, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, spesialergoterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Vi legg stor vekt på teamarbeid, godt samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillinga eller dei ulike teama, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar.


Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing
  • Psykoterapeutisk behandling
  • Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og undervisning
  • Delta i utviklingsarbeid og planlegging

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som psykolog i Noreg
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå lignande arbeid i psykisk helsevern er ein stor fordel

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, då det meste av arbeidet vert utført saman med andre team-medarbeidarar
  • Du trivst med arbeid i team, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og ansvarsbevisst
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Personlege eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
  • Tilrettelegging for spesialisering og fagleg utvikling
  • Moglegheit å nytte ei spesifikk tilnærming i behandlinga
  • Deltaking i relevante kompetansegrupper i seksjonen med fokus på drøfting og fagutvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Tonje Sæter, Seksjonsleiar, Tonje.Seter@helse-mr.no
Maria Oppigård Nilssen, Ass.seksjonsleiar, maria.oppigard.nilssen@helse-mr.no

Arbeidssted

Nøisomhedvegen 12
6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5178376973
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Maria Oppigård Nilssen

Ass.seksjonsleiar

maria.oppigard.nilssen@helse-mr.no

Tonje Sæter

Seksjonsleiar

Tonje.Seter@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

88f172d5-e86b-4cbd-a0a5-15b8d7a502f7

Sist endret

28. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2b12f6a7d7e84688ae1fa336d06623e7

Lignende annonser

Laster lignende annonser