Hopp til innhold

Digitaliseringsrådgjevar Helse og velferd

Arbeidsgiver

Time kommune, Digitalisering og informasjonsforvaltning

Sted

Arne Garborgs veg 32, 4344 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Digitaliseringsrådgjevar Helse og velferd
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Vil du gjera teknologi om til betre tenester og ein enklare arbeidskvardag?
Time kommune søkjer ein digitaliseringsrådgjevar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi. Hos oss får du vera med og utvikla helse- og velferdstenestene, forenkla arbeidsprosessar og sørgja for at digitale løysingar gir reell verdi for innbyggarar og tilsette.
Helse- og velferdstenestene står framfor store endringar. Fleire eldre, større tenestebehov og færre i arbeidsfør alder gjer at me må arbeida smartare. Digitalisering handlar derfor ikkje berre om nye system, men om å skapa tryggare tenester, betre flyt og meir tid til dei oppgåvene som krev menneskeleg kompetanse.
I denne rolla får du eit særleg ansvar for å knyta saman behova i tenestene med moglegheitene i teknologien. Du skal bidra til god systemforvalting, utvikling av arbeidsprosessar, opplæring og gevinstrealisering. Time kommune skal innføra ny elektronisk pasientjournal i 2027. Du vil få ei sentral rolle i innføringa, og i det vidare utviklingsarbeidet.
Stillinga er organisatorisk plassert i avdelinga Digitalisering og dokumentforvaltning og arbeider tett med leiinga, fagmiljøa og fagutviklarane i Helse og velferd. Du vil òg samarbeida med leverandørar og faglege nettverk, mellom anna gjennom DigiJæren og DigiRogaland.

Arbeidsoppgåver

  • Driva digitalisering og tenesteutvikling innan helse og velferd gjennom prosjektleiing, endringsarbeid og tett samarbeid med leiarar og fagmiljø.
  • Ha systemansvar for sentrale fagsystem og digitale løysingar, og sørgja for god drift, forvalting og vidareutvikling i samarbeid med brukarar, leverandørar og andre fagmiljø.
  • Ha ei sentral rolle i innføringa av ny elektronisk pasientjournal og andre e-helseløysingar.
  • Kartleggja arbeidsprosessar, identifisera flaskehalsar og bidra til forenkling og automatisering gjennom integrasjonar og smart bruk av teknologi.
  • Planleggja og gjennomføra opplæring, rådgiving og støtte til leiarar, tilsette og superbrukarar.
  • Følgja opp bruk, gevinstar og forbetringsbehov slik at kommunen utnyttar systema og løysingane best mogleg.
  • Bidra i anskaffingar, kontraktsoppfølging, samarbeid med leverandørar, og delta/leia implementering av løysingar innan e-helse.
  • Sørgja for at digitale løysingar blir forvalta i tråd med krav til informasjonstryggleik, personvern og forsvarleg handsaming av kommunen sine data.
  • Representera Time kommune i relevante faglege samarbeid og nettverk, mellom anna DigiJæren og DigiRogaland.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis med videreutdanning innen e-helse, helseinformatikk, tenesteutvilkling, digitalisering eller tilsvarende.
    Lang og særleg relevant erfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet.
  • Erfaring med prosjektleiing, endringsarbeid eller utvikling av arbeidsprosessar. God fagleg innsikt og erfaring med e-helse eller velferdsteknologi er ein fordel
  • God digital forståing og evne til å sjå samanhengen mellom behov, arbeidsprosessar, teknologi og organisering.
  • Erfaring med systemforvalting, Mobile Device Management (MDM) løysningar, digitale fagsystem eller innføring av nye løysingar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er ein fordel om du har
  • Kjennskap til kommunale helse- og velferdstenester, elektronisk pasientjournal, samhandlingsløysingar eller velferdsteknologi
  • Erfaring med gevinstrealisering, anskaffingar eller kontraktsoppfølging
  • Kompetanse innan informasjonstryggleik og personvern
  • Erfaring med opplæring, rettleiing eller kompetansebygging

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Du er nysgjerrig, lærevillig og held deg fagleg oppdatert.
  • Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
  • Du byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med leiarar, fagpersonar, tekniske miljø og leverandørar.
  • Du kommuniserer tydeleg og gjer komplekse problemstillingar forståelege.
  • Du ser heilskapen, utfordrar etablerte arbeidsmåtar på ein konstruktiv måte og omset idear til praktiske resultat.
  • Du forstår at endring handlar like mykje om menneske og arbeidskultur som om teknologi.

Me tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og velferdstenester i Time kommune.
  • Moglegheit til å påverka korleis kommunen arbeider med digitalisering, e-helse og tenesteutvikling.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom digitalisering, leiing og fagmiljø.
  • Faglege nettverk og samarbeid på tvers av kommunegrensene gjennom DigiJæren og DigiRogaland.
  • Ein variert arbeidskvardag med både strategiske og operative oppgåver.
  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Kunstforening.

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Amund Junge, Leder, 40237056, amund.junge@time.kommune.no

Arbeidsstad

Arne Garborgs veg 32
4344 BRYNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5201209384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Amund Junge

Leder

40237056

amund.junge@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

88c5eebb-0537-43bb-909d-71a5a9b2d3d2

Sist endret

27. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c38320fdf40f419685d711c37b7b4fad

Lignende annonser

Laster lignende annonser