Hopp til innhold

Gut på 22 år trenger ekstra armar og bein. Og aller helst heile folk.

Arbeidsgiver

Medvind Assistanse

Sted

5454 Sæbøvik

Om jobben

Oppstart
Snarest
Stillingstittel
Brukerstyrt personlig assistent
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 16. september

Kven er eg?

Kjappe replikkar, glimt i auga og god nordnorsk humør. Kan nok bli sit-down komikar kva
tid som helst. Bruker elektrisk rullestol, og trenger hjelp til mykje, bortsett frå gaming. Du
kan joine, men då må du ha med eigen PC.
Det er supert om du likar å kjøre bil, for du blir nemlig privatsjåføren min (det er jo noko å
ha på CV-en!). Det blir råning med meg som DJ. I alle fall i helgene. Og du må kanskje
vere med meg på fest. Og kino. Kino er kjekt. Eg spanderer!
Eg har sett det meste av matprogram og prøver stadig nye rettar. Ceviche og andebryst er
ikkje uvanleg om eg har invitert folk på middag. Viss du har sett Ratatouille, så er
samarbeidet slik at eg fjernstyrer deg. Eg forteller og smakar til, og du gjer kokkeleringa for
meg. Krydderhylla er stor, grillen større, og det vert handla hos slaktar i Stavanger
innimellom. Då må ikkje vere utdanna kokk, men det er fint om du kan steike noko anna
enn pizza. Viss ikkje, så skal kan du glede deg til å lære deg nye rettar.
Det er fint om du kan ta i eit tak, men eg har personløftar og andre smarte hjelpemiddel.
Så du slepper i alle fall å løfte meg.
Eg trener innimellom hos fysioterapeut. Dersom du skal bidra med noko, så får du
opplæring der.
Eg er ikkje sjenert og har mellom anna spelt inn fleire undervisningsfilmar for elevar på
vidaregåande. Du kjem til å bli godt kjent med meg, for du må hjelpe til med blant anna
personlig stell og hygiene. Men det finst heldigvis gode hjelpemidler her og, takk og lov for
handsfree...
Eg bur for meg sjølv, så det blir noko husarbeid, og praktiske gjeremål. Kle må vaskast,
golv må vaskast, det må handlast, og det må sjå greit ut på assistentrommet.
Det er greit å vere passe laid-back. Ting skal gjerast, men det er sjeldan stress eller mykje
å gjere. Eg skal jo kvalitetssikre videoar på Youtube, game og sjå film. Så det er fint om du
sysselsetter deg sjølv litt. Det vert mykje tid til surfing, strikking, spikking, eller lesing om
det er di greie. Studerer du noko? Ta med bøkene, det blir ofte tid til å lese og skrive på
oppgåver.
Nokre gonger i året må eg på EU-kontroll på sjukehuset. Då kan det hende du må bli med,
og overnatte på pasienthotellet. Eller så kan det hende du må bli med meg på roadtrip om
eg skal på tur. Men slik planlegger me i god tid, slik at alt går greit.

Kven er du?

Du bør vere trygg på deg sjølv, kunne løyse problem og ta ting på strak arm.
Du er punktlig, pliktoppfyllande og til å stole på.
Du jobbar godt sjølvstendig, og hjelper til med det som trengst. Utan at eg må mase.
Du er strukturert og har god ordenssans, i alle fall på mitt nivå.
Du må kunne bidra i bassenget om eg skal dit.
Du må ha førarkort klasse B, og må ikkje vera redd for å køyra stor bil då eg har ein lang
caravelle.
Du snakker og skriver flytande norsk.
Det er ein fordel om du har:

* relevant arbeidserfaring
* arbeidserfaring frå helsevesen, men det er ikkje eit krav.
* god kommunikasjon og kjemi med meg
* er ungdommeleg, sjølv om du kanskje nærmar deg pensjonsalder.

Det er to skift i døgnet, både vekedagar og i helgene:

Dag: 0700-1910.
Natt: 1900-0710.

Det er fleire faste assistentar, og eit par vikarar, som jobber her.
Det er 7-10 assistentar, damer og menn, i alderen 20 til "det spør ein ikkje om" som
rullerer på vaktene. Du møter dei stort sett berre på vaktbytte, men du jobbar åleine.
Medvind Assistanse vert arbeidsgivar. Dei betalar lønn og slikt.
Eg og mamma er arbeidsleiarar. Så me setter opp turnusen, og fikser vikarar om det
trengst. Og lærer deg alt du trenger for å lukkast og trivast i jobben.
Me trenger og vikarar, så om du har lange friperiodar, eller er ledig ei helg i ny og ne, så
kan du gjerne gi lyd om du vil vere vikar.
Viss du lurer på om dette er noko for deg, så kan du gjerne ta kontakt.
Det er ingen krav om formell utdanning når ein skal jobbe som BPA-assistent. Vi ser alltid
etter ein god match mellom arbeidsleder og assistent. Personleg egnethet vektleggast.
Vi tilbyr konkurransedyktige betingelser, rask og effektiv oppstart for aktuelle kandidatar og
fast kontaktperson hos Medvind Assistanse.
Det er behov for både faste ansatte, tilkallingsvikarar og ferievikarer.

Om stillingane:

Stilling 1 dag kl. 07:00-19:10

Vaktuke 1:

Fri

Vaktuke 2:
Lørdag
Søndag

Vaktuke 3:
Onsdag
Torsdag

Vaktuke 4:
Mandag
Tirsdag

Stilling 2 natt kl.19:00-07:10

Vaktuke 1:
Mandag
Tirsdag

Vaktuke 2:
Fredag
Lørdag
Søndag

Vaktuke 3:
Fri

Vaktuke 4:
Mandag
Tirsdag
Onsdag
Torsdag


Stilling 3 natt kl.19:00-07:10

Vaktuke 1:

Fredag
Lørdag
Søndag


Medvind Assistanse AS er et norskeid selskap som leverer likestillingsverktøyet BPA for mennesker med funksjonsvariasjon. For funksjonsvarierte skal BPA bidra til å til å gi mulighet til å leve et aktivt og selvstendig liv med fokus på selvrealisering og samfunnsdeltakelse. BPA handler like mye om friheten til å kunne velge hvilket liv man vil leve, og hvem man vil være. Med BPA skal man i størst mulig grad kunne ivareta plikter, interesser, behov og ønsker som alle andre samfunnsborgere. Medvind Assistanse AS ble stiftet i 2020 og har lokale kontorer i store deler av landet.

Kontaktperson for stillingen

Andreas Søfteland

Avdelingsleder

92683117

asf@medvindassistanse.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

88af7664-12e8-43dd-a63a-b03b62d35c92

Sist endret

18. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4cef769fe93f4ee08fb40c5833decf6a

Lignende annonser

Laster lignende annonser