Barne- og ungdomsarbeidar Molvær barnehage
Sula kommune
Geilneset 31, 6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar Molvær barnehage, Sula kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
Molvær barnehage har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomarbeidar.
Molvær barnehage ligg idyllisk til ved Geilnesfjøra, med sjøen som næraste nabo. I Molvær barnehage skal kvart barn og familie oppleve at dei blir sett, høyrt, forstått og respektert. Vi skal legge til rette for omsorgsfulle relasjonar i eit aktivt og trygt miljø.
Molvær barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar. Vi har to avdelinger for barn mellom 1-3 år, og to avdelingar for barn 3-6 år.
Vi har eit stort og flott uteområde som vi er svært stolte av - som innbyr til mykje spennande leik i eit variert miljø.
Visjonen vår er: Aktiv og glad i eit trygt miljø.
Om dette høyrest ut som ein god arbeidsplass for deg, oppmodar vi deg til å søke.
Du kan lese meir om barnehagen på Sula kommune si heimeside, under oppvekst og utdanning.
Arbeidsoppgåver
- fagleg medansvar for pedagogisk målretta arbeid i barnehagen, i samarbeid med og under rettleiing av pedagogisk leiar
- medansvar for å planlegge, gjennomføre aktivitetar og evaluere desse.
- ansvar for at praktiske arbeidsoppgåver blir gjennomført i samarbeid med det øvrige personalet i barnehagen.
- delansvar for å observere, vurdere og dokumentere aktivitetar ut frå barna sine føresetnadar og behov, i henhald til barnehagen sitt system for dette.
- ansvar for tilsyn, tryggleik og omsorg for barna.
- medansvar til å oppfylle måla og krava i rammeplan, årsplan og avdelinga sine mål.
- sette seg inn i og bruke datasystem og digitale verktøy som barnehagen nyttar.
- sette seg personlege mål og arbeide sjølvstendig.
- ansvar for å følgje opp avtalte daglege rutinar innan HMS og anna.
Kvalifikasjonar
- godkjent fagbrev som barne- og ungsomsarbeider.
- god norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Nynork er hovedspråket i barnehagen.
- kunne bruke og vise interesse for digitalt verktøy i arbeidet.
- politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- vere fleksibel og løysingsorientert.
- vere positiv og åpen til endring- og utviklingsarbeid.
- like å vere ute og vere aktiv deltakande i leik og læring saman med barn og vaksne.
- tek positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og liker å arbeide i team.
- kan jobbe både på storbarn- og småbarnsavdeling.
- gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- dine faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
- kompetente personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
- arbeidskle til uteaktivitet
- spennande samarbeId i Sula kommune med mellom anna fokus på Læringsreisa til barna, og utviklingsarbeid.
- løn etter hovedtariffavtalen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer.
- god offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår.
Kontaktinformasjon
Anne Kari Vadset, Einingsleiar, 41468780, anne-kari.vadset@sula.kommune.noArbeidsstad
Geilneset 316030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5026407061
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
888c3491-10ef-4fb2-ad81-41a61e056593
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6ad98b0122e54cf9b15b3f3025d34c81
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Larsgården skole, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Barnehagelærer 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Barnehagar Ålesund indre og nordre
Sted
Ørskog
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Borgundveien Barnehage AS
Sted
Ålesund