Byggjeleiar Hardanger
INV - Utbygging Sør, Vestland fylkeskommune
Røldalsvegen, 5750 Odda
Om jobben
Stillingstittel
Byggjeleiar Hardanger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.
Til seksjon vegbygging sør søkjer me no byggjeleiar til ulike prosjekt, hovudsakleg i Hardangerområdet.
Arbeidsoppgåver
Som byggeleiar hjå oss vil du få ansvar for å følge opp utbyggingsprosjekt/vedlikehaldsprosjekt og du vil jobbe tett saman med prosjektleiarar, andre byggeleiarar og kontrollingeniørar.
Ansvarsområder vil vere:
- Teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføring og evaluering av kontrakten/prosjektet
- Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, fremdrift og HMS på eigne prosjekt
- Arbeid med utarbeiding av konkurransegrunnlag
- Arbeidsleiing av kontrollingeniørar
- Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
- Ansvarleg for kontakt med offentlege etatar, grunneigarar og andre som vert berørd av anleggsarbeidet
- Bistå i reguleringsplanar, byggeplaner/detaljplaner
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgare utdanning. Dersom du har teknisk fagskule og sterk og relevant erfaring, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Det er ein fordel med erfaring frå vegbygging og/eller samferdselsprosjekt og statens vegvesen sin prosesskode.
Erfaring frå byggeledelse og/eller anleggsprosjekt med ulike entrepriseformer vil bli vektlagt.
Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B. Du må også ha god kompetanse i å nytte IKT- verktøy.
Personlege eigenskapar
Du evnar å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. Du er strukturert og handterer godt ein kompleks og variert arbeidskvardag. Du er engasjert i arbeidet ditt og fagområdet, og du bidreg fagleg og sosialt til eit godt arbeidsmiljø.
Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.
Vi tilbyr
Våre verdiar ; kompetent, modig og open og visjonen nyskapande og berekraftig er viktige for oss og skal vere ei rettesnor for alt vi gjer.
Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er uformelt og vi har det kjekt saman på jobb. Vi er opptatt av å hjelpe og støtte kvarandre, på den måten får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement.
I tillegg får du mellom anna:
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- tilgang på tenestebil.
Kontaktinformasjon
Kathrine Løno Lahlum, seksjonsleiar, 95055252, kathrine.lono.lahlum@vlfk.noArbeidsstad
Røldalsvegen5750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5018568574
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
886f8e85-6536-4e24-9be3-34985511ecba
- Hentet fra
talentech
- Referanse
426d7aca0dbb429dbd518e5c141d46b6