Sommarjobb for sjukepleiarar
Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
15
Vil du ha ein sommarjobb der du får brukt kompetansen din, utvikla deg fagleg og jobbe saman med skikkeleg fine kollegaer?
Stord sjukehus søkjer sjukepleiarar til ferievikariat i veke 26–33.
Bli med oss, då vel! Her får du ein sommar med verdifull erfaring, fagleg moro og kollegaer som får deg til å smile.
Vi anset fortløpande – søk tidleg for å sikre deg jobben! 🚀
Kva går jobben ut på?
- Observasjon, behandling, stell og pleie til pasientar
- Medikamenthandtering og sjukepleieprosedyrar
- Arbeid med medisinsk-teknisk utstyr
- Samarbeid med primærhelsetenesta for å sikre heilskapleg pasientbehandling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi ser etter deg som har:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
- Gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Flott om du:
- Liker å jobbe sjølvstendig, men ser når det er viktig å samarbeide med kollegaene dine for å gi best mogleg behandling til pasientane.
- Trivst i eit team der ein støttar kvarandre, og du klarer å halde oversikt og ta gode val når arbeidsdagen blir travel.
- Er engasjert i faget ditt, bryr deg om pasientane og ønskjer å bidra til at dei får god behandling og ei trygg oppleving på sjukehuset.
Kvifor skal du velje oss?
Vi veit at ein god arbeidsplass er viktig – også når du er ferievikar. Difor tilbyr vi:
- Opplæring og tett oppfølging – vi sørgjer for at du føler deg trygg før du går i gong med sjølvstendige oppgåver.
- Erfarne kollegaer som er tilgjengelege for å svare på spørsmål og støtte deg gjennom arbeidsdagen.
- Ein lærerik sommar der du både byggjer fagleg kompetanse og får meir sjølvtillit i sjukepleiarrolla.
- Å tilpasse stillingsstorleik så godt vi kan.
Har du spørsmål? Ta kontakt – vi hjelper deg gjerne med å finne ut om dette er den rette sommarjobben for deg! 😊
Kontaktinformasjon
Toril Førland, Funksjonsleiar, 99009179Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4895374302
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.04.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
884cc855-f6fc-4a12-9d7d-45d35dccc01a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f1203decaad1476084fc5962c06ccf63