Sjukepleiar/Helsefagarbeidar i 100% vikariat tom 31.08.2026 på Husnestunet
Kvinnherad kommune Husnestunet
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Helsefagarbeider - Vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. oktober
Stillinga er primært i 2- delt turnus, med kvar 3. helg. Det er mogleg å ta langvakter ved behov.
Arbeidsstad er i hovudsak våre 2 avdelingar for pasientar med demens, men ein må pårekna å kunne bidra med vakter på både samhandlingsavdelinga og korttid/langtid om det vert naudsynt for drifta.
Tilsetting snarast.
Arbeidsoppgåver:
Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
Heilskapleg omsorg og pleie
Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
Dokumentasjon av tenesta vi yt
Legemiddelhandtering
Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar
Kvalifikasjonar:
Har autorisasjon som sjukepleiar, eller fagbrev som helsefagarbeidar
Er trygg og sjølvstendig i faget, gjerne med erfaring frå demensomsorg
Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga
Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt
Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar
Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi
God IT kunnskap
Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Kontaktperson for stillinga:
Cecilie Torillsdatter Fredheim
+47 47694751
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
884aa48d-7b19-40e5-bf9d-eb8d16053cac
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3548207_225951_nn