Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
Ambulanseseksjon Sande-Vanylven, Helse Møre og Romsdal HF
Prestegardsvegen 5, 6084 Larsnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Ambulanseseksjon Sande-Vanylven har ledig ei fast 50% stilling for paramedisinar/ambulansearbeidar, med oppstart 05.01.26
Stasjonane har til saman to døgnbilar og ein ambulansebåt, og utfører om lag 600–700 oppdrag per bil kvart år. Arbeidskvardagen hos oss er variert og spennande med eit høgt fagleg engasjement og stadig nye utfordringar. Vi har eit godt arbeidsmiljø, der vi saman legg vekt på tryggleik, respekt og kvalitet til det beste for pasientane våre.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer all prehospital verksemd i fylket – dette omfattar bil-, båt- og luftambulanse, AMK/113 og pasientreiser. Ved eventuell intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbydd. Det må òg påreknast noko arbeid ved andre stasjonar i området.
Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å få deg med på laget!
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeda etter oppdrag frå AMK
- Samarbeide i team og med samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Vedlikehalde faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Utføre interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
- Utøve arbeidet i tråd med lover, forskrifter, prosedyrar og internt reglement som er gjeldande for helseføretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisinar
- Søkjarar med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Ha førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med gjennomført paramedic-utdanning, eller vere villig til å fullføre slik utdanning
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest krevst før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i samband med resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.
Kontaktinformasjon
Ida Christin Eriksen, Seksjonsleiar, Ida.Christin.Eriksen@helse-mr.noArbeidsstad
Prestegardsvegen 56084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5034676456
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 881b059a-b28b-4028-8390-25848c57a8a8 
- Sist endret
- 30. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- a17be7734cf643d7bf2d454d24d88eea 
Lignende annonser
Skipsfører
Arbeidsgiver
Fjord Shuttle AS
Sted
Larsnes
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Skjerma eining
Sted
Hareid
Korttidsseksjonen ,Volda Omsorgssenter har 95 % fast st for sjukepleiar
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda