Barne - og ungdomsarbeidar / assistent 100% stilling
Alver kommune
Veråsvegen 24, 5955 Lindås, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar / assistent 100% stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Om stillinga
Vi søkjer engasjert og fagleg interessert medarbeidar i skule og SFO.
Stillinga følgjer per.no skuleruta, i undervisningsfrie periodar vil du ha arbeidsfri.
Om oss
Lindås barneskule ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg. Dei dei naturskjønne omgjevnadane legg godt til rette for turar og aktivitetar.
Skuleanlegget vårt har gjennomgått fleire oppgraderingar og framstår i dag som moderne, driftsikkert og funksjonelt.
Skulen vår har eit levande miljø med 270 elevar fordelt på 7. trinn. Vi har eit team på rundt 40 dyktige fagfolk, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, leiing osv.
Arbeidsoppgåver
Å jobbe med elevar som kan ha utagerande åtferd krev meir enn fagkunnskap – det krev varme, tålmod og evna til å sjå bak åtferda. Når du møter elevar som strevar, får du sjansen til å gjere ein skilnad – kvar einaste dag.
Du lærer å lese signal, bygge tillit og skape trygge rammer. Du blir ein viktig vaksenperson i liva til barn og unge som treng det mest. Sjølv om dagane kan være krevjande, er det nettopp i dei små augeblikka – eit smil, ein roleg samtale, ei ny meistring – at du kjenner på verdien av det du gjer.
Hos oss får du støtte, fagleg påfyll og eit sterkt lag rundt deg. Vi veit at det å trivast i jobben handlar om å bli sett, høyrt og heia på – akkurat som for elevane våre.
Kompetanse
- fagbrev i barne - og ungdomsarbeidarfaget er ein fordel
- erfaring frå liknande arbeid med barn og unge vert vektlagt
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Kven er du?
- Trygg og tydeleg i vaksenrolla– du evnar å setje grenser på ein roleg og respektfull måte
- God relasjonskompetanse– du byggjer tillit og skapar tryggleik gjennom varme og forutsigbarheit
- Tålmodig og robust– du handterer krevjande situasjoner med ro og uthaldenheit
- Løysningsorientert og fleksibel– du tilpassar deg borna sine behov og finn gode strategiar i samarbeid med kollegaer.
- Evne til å stå i utfordrande situasjonar– du lar deg ikkje lett vippe av pinnen
- Empatisk og lyttande– du ser bak åtferda og møter borna med forståing og respekt
- Teamorientert– du samarbeider godt med kollegaer, føresatte og andre fagpersonar
- God observasjonsevne– du fanger opp signal, reflekterar og tar det med i vidare arbeid
Me tilbyr
Døme:
- Ein meiningsfull jobb der gjer ein forskjell i livet til elevar
- Oppfølging og rettleiing
- Personleg utvikling
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
87396d61-6211-4ce0-9ec0-b3f7b87748cb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261586