Hopp til innhold

Lærar - vikariat

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Høyanger skule/SFO

Sted

Wilhelm Bugges veg, 6993 Høyanger

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 28. september

Høyanger skule har ledig 60 % stilling som lærar frå snarast og t.o.m 31.07.27 .

Kvalifikasjonar:

 

• Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med idrettsfag/kroppsøving i fagkrinsen


Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt .


• Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter

• God relasjonskompetanse

• Positivitet

• Fagleg engasjement

• Fleksibilitet

• Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:


• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt

• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.

• Lønn etter gjeldande tariffavtale

• Gode pensjons- og forsikringsordningar

• Hjelp til å skaffe kommunal bustad

 

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

 

Kvifor Høyanger?



• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi

• Eit rikt lag- og organisasjonsliv

• Fokus på samskaping og samarbeid

• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Siv Anita Gudvangen

Rektor

+47 95790997

siv.anita.helle.gudvangen@hoyanger.kommune.no

Om bedriften

Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

866617e5-a617-4c4e-b3af-3ac9f062671d

Sist endret

14. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3661703_176901_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser