Assisterande Seksjonsjonsleiar
Divisjon psykisk helsevern / Psykiatrisk klinikk / Avdeling PAM / Seksjon PAM2, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ass.seksjonsleiar i vikariat 50% ved PAM 2
Oppstart
17. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Ønskjer du nye utfordringar? Vi har ledig vikariat i 50% som assisterande seksjonsleiar i Avdeling for Psykiatrisk akuttmottak, PAM 2. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø, der du kan få nytte den faglege og leiarmessige/administrative kompetansen du har tileigna deg.
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) skal ta imot vaksne pasientar som blir lagd inn akutt i Psykiatrisk divisjon. Tilbodet her består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
- Stedfortreder for seksjonsleiar
- Utføre delegerte oppgåver frå seksjonsleiar, nærare beskreve i stillingsspesifikke oppgåver
- Handle innanfor gjeldande lover, forskrifter, avtalar og interne forskrifter, herunder etiske retningslinjer og internkontroll
- Medansvar for dagleg drift av seksjonen
- Delta i og følgje opp seksjonens forbetringsarbeid, forbetringsundersøkinga kvalitet- og pasientsikkerheitsarbeid og HMS-arbeid
- Pådrivar for fag- og kompetanseutvikling i seksjonen
- Planleggje og leggje til rette opplæring, oppfølging og evaluering av nytilsette og studentar
- Bidra i seksjonens kliniske arbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant klinisk praksis
- Erfaring frå psykiatri er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig
- Fleksibel
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Engasjert
- Samarbeidsvillig
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Vemund Lægreid Grønstøl, Assisterande seksjonsleiar, 55956460, vemund.legreid.gronstol@helse-bergen.noAnja Marie Engh, Seksjonsleiar, +47 55956412
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5011275728
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 17.11.2025
Sluttdato: 14.06.2026
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anja Marie Engh
Seksjonsleiar
+47 55956412
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8657b1cc-48ca-4e2d-a183-4d6505ef25d8
- Hentet fra
talentech
- Referanse
684f492b823f4266af6f4b3906094df5