Overlege i Karkirurgi
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Overlege i Karkirurgi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. november
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som Overlege i karkirurgi.
Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet.
Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen.
Stillinga inngår i den vaktordninga som til ein kvar tid gjeld ved Karkirurgisk avdeling.
Dei tre overlegestillingane vil alle vere på lik linje ift arbeidsoppgåver som avdelingas øvrige overlegar, imidlertid vil stillinga ha eit knytt til ansvarsområde.
Dei tre ulike ansvarsområda vil vere;
1. Fagansvar for diabetiske fotsår
2. Fagansvar for forskingsaktivitet
3. Fagansvar for utvikling innanfor endovaskulær kirurgi
Kandidater som søker, bes spesifisere hvilken av oppgavene de søker på, evt en rangering. Det er selvsagt mulig å søke på alle i en prioritert rekkefølge. Kandidater bes skrive et eget avsnitt i søknad om hvilke tanker de har om sin rolle innen ønsket fagansvar som søkes på.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med karkirurgiske tilstandar
- Utføre og assistere ved elektive og akutte kirurgiske inngrep
- Delta i poliklinisk og dagkirurgisk verksemd
- Bidra i tverrfaglege team og samarbeid med andre spesialitetar
- Motta rettleiing og bidra til undervisning av medisinstudentar
- Vere ein aktiv bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Søkarar må ha særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Personleg eignaheit blir vurdert som viktig
- Søkar må for overlegestilling vere spesialist i Karkirurgi, eller vere i sluttfasen på sin spesialisering. Det er eit krav om at overlegar i vakt sjølvstendig kan handtere dei vanlegaste karkirurgiske akutt-problemstillingar inklusive open operasjon av rumpert aortaaneurisme
- Erfaring frå større Karkirurgisk avdeling og dei problemstillingar som handterast der
Personlege eigenskapar
- Engasjert og motivert for fagleg utvikling
- Sjølvstendig og trygg i akutte situasjonar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar
Vi tilbyr
- Moglegheit til å delta i forskingsprosjekt og fagutvikling
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Moglegheit til å påverke eigen utvikling og bidra til avdelingas retning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Espen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5205509110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Espen Tyse Gubberud
Avdelingssjef
97624606
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
85eb8087-e14d-4a77-9c0c-c0c245962f1d
- Sist endret
5. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
127409ff87ef4a2fbd8966e27970fa62