Dag og Tid søkjer studentmedarbeidar for CRM, datakvalitet og automatisering (20--40 %)
Dag og Tid AS
Pilestredet 8, 0130 Oslo
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. oktober
Dag og Tid er ei uavhengig nynorsk vekeavis som i mange år har hatt sterk organisk vekst. Vi er no blant pionerane i bransjen på bruk av CRM og marknadsføringsautomatisering, og vi søkjer ein masterstudent som vil vere med å ta dette til neste nivå.
Om stillinga
Nokre av oppgåvene er rutineprega (som å sjekke at abonnentar er registrerte i rett HubSpot-workflow), men du får òg høve til å spele detektiv: finne ut korleis du kan automatisere desse rutinane og kvifor ting ikkje fungerer som dei skal. Du kan kome med forslag til betre prosessar, og bidra til at abonnentane våre får ei betre oppleving og at vi blir stadig meir effektive.
Du vil få opplæring i marknadsføringsautomatisering, no-code-plattformer som Make.com, og KI-integrasjonar -- og du får reell høve til å bruke dei i praksis.
Vi tenkjer det er ei attraktiv stilling både i forhold til relevant erfaring, løn og fleksibilitet. Vi kjem ikkje til å mikrostyre korleis du gjer jobben din. Samstundes har vi høge forventningar til kva du leverer.
Arbeidsoppgåver
· Arbeide med CRM (HubSpot): segment, nyhendebrev, datavask og deduplisering
· Følgje opp at abonnentar er i rett workflow, analysere avvik og utvikle forbetringar
· Køyre enkle spørjingar i MySQL (ordrehistorikk, rapportar -- opplæring vert gitt)
· Framlegg, oppsett og oppfølging av A/B-testar
· Lage rapportar og KPI-ar for marknadsføring og kundeservice
· Bidra med automatiseringar og prosessforbetring (Make.com, KI)
· Vere backup i kundeservice/resepsjon ved behov (t.d. ferie, sjukdom og møteavvikling)
Kven vi ser etter
· Du er masterstudent innan marknadsføring/kommunikasjon/data.
· Du synest det er gøy å løyse problem og jobbar strukturert for å få det til.
· Du har interesse for marknadsføring, CRM, automatisering og digitale verktøy.
· Du er god i norsk, gjerne nynorsk.
Vi tilbyr
· Relevant deltidsjobb (20--40 %), fleksibelt tilpassa eksamensperiodar
· Konkurransedyktig timeløn
· Opplæring og praktisk erfaring med framtidas teknologi
· Eit lite miljø med høge ambisjonar og kort veg frå idé til gjennomføring
· Arbeidsplass sentralt i Oslo: vi vil ha deg innom ca. ein gong i veka -- resten av tida kan du jobbe frå skulen, heime eller ein kul digital nomad destination i verda 🌴🌍
· Skikkeleg god lunsj
Interessert?
Skriv litt om deg sjølv og motivasjonen din, legg ved CV og send til gregor@dagogtid.no.
Om bedriften
DAG OG TID er ei fri og ubunden vekeavis for kultur og politikk -- og den einaste riksavisa på nynorsk.
I avisa kan du lesa reportasjar, kommentarar, intervju om kultur- og samfunnsspørsmål -- og meldingar av bøker, musikk, film og teater.
På berre fem år har vi fått nesten 25 prosent fleire abonnentar . Opplaget er 15 093 i dag.
Avisa har kome ut sidan 1962. Over DAG OG TID-logoen den gongen var det tre små globusar. Det synte til vidsynet. DAG OG TID skulle vera ei avis med ambisjonar og ikkje innettervend. Denne redaksjonelle lina står avisa trygt på i dag òg.
Endringane i medielandskapet gjer og at DAG OG TID blir viktigare. Det meste av makta i Avis-Noreg har no blitt samla i store konsern der felles eigarskap og stoffdeling gjer storavisene stadig meir like kvarandre. DAG OG TID har ingen kommersielle eigarar og betalar ikkje utbyte til aksjonærane.
DAG OG TID fekk Fritt Ord-prisen 2017 for «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg på alvor».
Avisa får fast pressestøtte frå Medietilsynet og prosjektstøtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Stiftinga Vener av DAG OG TID.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8577a834-1b2a-41b4-911f-4b310a86b18c
- Hentet fra
FINN
- Referanse
432036477