Miljøterapeut fast 2 x 25 % (helg)
Bjørgvin ungdomssenter, Bufetat
Bønesstølen 13, 5154 Bønes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut fast 25 % (helg)
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 25%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. januar
Vil du hjelpe ungdom til å få et rusfritt liv?
Det er en krevande jobb, den er ikkje for alle. Men er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og
store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.
Vi tilbyr akutt-, omsorgs- og behandlingsplasser for ungdom i alderen 12–18 år, med tiltak hjemlet i barnevernloven §§ 4-1, 4-2, 3-2, 5-1, 6-1 og 6-2.
Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum – både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvera foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.
Behandlingen byggar på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv atferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheitar som gjer dem i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig 2 x 25 % faste stillinger som helgevakt. Stillinga er kvar 3. helg, fredag, lørdag og søndag kveld. Det er også moglegheit, og ønskjeleg, for ekstravaktar og deltaking på fagmøter utanom faste vaktar i turnus.
Det kan også bli ledig vikariat ved senteret. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.Arbeidsoppgåver
- Utøve målretta behandlingsarbeid iht. behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling.
- Gjennomføra risikovurderingar og setje i verk tiltak etter behov.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.
- Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon, samt delta i regelmessig trening.
- Delta i praktiske gjeremål.
- Samarbeid mellom einingas avdelingar ved behov.
Kvalifikasjonar
Krav til stillingane:
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Ved fast stilling helg og eventuelle vikariat i deltidsstillingar, kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
- Kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
- Førarkort klasse B er naudsynt.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
- God fysisk og psykisk helse.
Ønskjeleg erfaring og kompetanse:
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernslova.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til traumebevisst omsorg.
- Det er ønskjeleg at du har rettleiingskompetanse.
- Det er ønskjeleg med institusjonserfaring iht. målgruppe og frå barnevern eller psykiatri.
Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn- Dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, og gitte føringar i Barnevernslova. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju. Me oppmodar særleg menn til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- Motiverast av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
- Framstår som trygg i møte med ungdommane.
- Har evne til å vere romsleg, fleksibel og sjølvstendig.
- Kan etablera gode relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er løysingsfokusert og vere metodelojal.
- Er punktleg.
- Har evne til å arbeida strukturert og metodisk.
- Kan vere trygg i krevjande situasjonar.
Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det
tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år. - Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. År.
- Ved fast deltid og vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.Kontaktinformasjon
Anita Kristensen, Avdelingsleiar, 466 19 194, anita.kristensen@bufetat.noJeanette Grindeland, Einingsleiar, 466 17 627
Arbeidssted
Bønesstølen 135154 Bønes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5054980904
Stillingsprosent: 25%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 26.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Jeanette Grindeland
Einingsleiar
466 17 627
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
853fd9be-f779-4794-bc18-868d21b30abf
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5c2b549810114817a7c88d8ac823ef45
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bergen Akutts. avd. Nattland, Bufetat
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Sosiale botjenester, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Bergen akuttsenter avd. Nattland, Bufetat
Sted
Bergen