Bioingeniør
Medisinsk biokjemi Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Vi har no ein fast stillingar ledig og ser etter deg som ønskjer ein spennande og variert arbeidskvardag. Hos oss får du jobbe med fagområde som:
- Klinisk kjemi
- Hematologi og koagulasjon
- Allergi og elektroforese
- Prøvehandsaming
- Pasientnære analysar
- Prøvetaking
Hos oss får du arbeide med topp moderne utstyr og eit heilautomatisert bandsystem som gir deg ein effektiv og spennande kvardag. Du får arbeide i eit nyoppført sjukehusmiljø med lyse, trivelege lokale – og panoramautsikt over vakre Smedasundet.
Kva kan du forvente?- Turnusarbeid på 35,5 timar i veka
- Arbeid omtrent kvar fjerde helg etter fullført opplæring
- Nært samarbeid i eit tverrfagleg miljø, som skapar ein engasjerande arbeidskvardag
- Ein avdeling som er akkreditert etter ISO standard– din garanti for kvalitet og kompetanse
👉 Søk no!
Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato. Ta kontakt med Benedikthe om du har spørsmål!
Det er òg ledige vikariat som varer over lengre periodar. Ver venleg og nemn i søknaden din om dette er av interesse. Nyutdanna vert oppfordra til å søkje.
Kva går jobben ut på?
Rutinedrift på ulike fagområder som:
- Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
- Hematologi og koagulasjon
- Klinisk kjemi/immunokjemi
- Pasientnær analysering ved bl.a blodgassmaskinar og urinanalysar
- Prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasientar, inkludert øyeblikkelig hjelp
På vakt vil ein samarbeide med ein annan bioingeniør og to helsesekretærar. Då vil oppgåvene ovanfor variere
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor medisinsk biokjemi eller annan relevant arbeidserfaring
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
- trivst i eit aktivt miljø
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er serviceinnstilit
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har høg arbeidsmoral
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø og godt kollegialt klima
- Sosiale sammenkomster gjennom året
- Høyt faglig driv
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4991977015
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Benedikthe Celine Hartvigsen
Funksjonsleiar
+47 93827930
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
848a2b96-9bf0-4218-9b11-6b12df4019d5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fec79117b11c4e5db6628b510db8e685