Personalkonsulent/personalrådgjevar
Fagskulen Vestland - Stab, Vestland fylkeskommune
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Personalkonsulent/personalrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
Med over 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Om stillinga
Fagskulen Vestland har ledig ei nyoppretta stilling som medarbeidar innan personalstøtte og ressursstyring. Fagskulen sin leiargruppe består av 14 leiarar og du vil få ansvar for å gje leiarstøtte innan både HR feltet generelt og innan ressursstyring i Visma in School (VIS).
Stillinga er ein del av stabs-avdelinga med 8 medarbeidarar og vil rapportere til prorektor for organisasjon og samhandling. Du vil arbeide tett med andre i avdelinga som har tilstøytane oppgåver.
Stillinga er, avhengig av utdanningsnivå, i kategorien spesialkonsulent eller rådgjevar.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- Sikre god ressursplanlegging på tvers i organisasjonen i høve til pedagogisk personell knytt til både undervisning og prosjekt
- Bidra til opplæring i ressursplanlegging i VIS
- Tilrettelegging for leiarar i HR oppgåver som til dømes permisjonar og tilsettingar inkludert "medarbeiderreisen frå start til slutt"
- Utvikle rutinar og retningsliner innan HR-feltet
- Kartlegging og tilrettelegging for kompetanseheving i organisasjonen
- Bidra til, og legge til rette for godt HMS arbeid
- Andre oppgaver, t.d. lønnsarbeid kan tilkomme
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- høgare utdanning på minimum Bachelornivå innan relevante fagområde. Lang og relevant erfaring kan i særskilte tilfelle kompensere for høgare utdanning.
- relevant arbeidserfaring og god kjennskap til Visma in school (VIS) eller tilsvarande
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- erfaring frå HRM-system (t.d. Visma Enterprise)
- erfaring frå sak- og arkivsystem (t.d. Elements)
- gode IKT kunnskapar
- god skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og er glad i å hjelpe andre
- Du er initiativrik og sjølvstendig
- Du er nøyaktig og systematisk
Vi tilbyr
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Kontaktinformasjon
Adeline Berntsen Landro, prorektor , 99792813, adeline.berntsen.landro@vlfk.noArbeidsstad
Haugeveien 285005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5026928011
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8486152b-ef24-444a-8d6d-ebf7f80c4a05
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bed2a259317d46bea88ea26433f675b1