Matros til hurtigbåtane i Stavanger
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Strandkaien 46, 4005 Stavanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros til hurtigbåtane i Stavanger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Fjord1 søker no etter to matrosar som ønsker å bli ein del av mannskapet på hurtigbåtane i Stavanger.
I denne stillinga tilbyr vi to ulike skiftordningar:
- Rute A: 2 veker på og 2 veker fri, (måndag til sundag, dagtid)
- Rute B: 5 dagar på og 9 dagar fri, (måndag til fredag, dagtid)
Opplys kva for skiftordning du ønsker å gå i når du søker.
Vi tilbyr hybel i arbeidsperioden, og reise til og frå arbeid vert dekka av arbeidsgivar.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming og sjølvbetjent kiosk
- Fortøying
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som matros eller nok fartstid til å kunne mønstre som matros
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikajonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsetnadar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Reise til og frå arbeidsperioden blir dekke av arbeidsgjevar.
- Hybelordning i arbeidsperioden.
- Fleksibel vaktordning
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47887896Arbeidssted
Strandkaien 464005 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5014843769
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Benedicte Ellingsen
Rekrutteringsmedarbeider
+47 47887896
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
846a18b6-537a-40aa-98ec-fed0f794055a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ed9c036cdba468d9ee820484f13f930