Har du elektrokompetanse og ønskjer jobb innan fornybar energi?
Sognekraft
Steigavegen 129, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar elektro
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Sognekraft Produksjon produserer fornybar energi og driftar 20 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna bygging av Feios kraftverk, som vert klar til drift i haust.
Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy består av 15 gode kollegaer som har ein arbeidskultur der me legg vekt på godt samarbeid, Med 20 kraftverk fordelt i Sogn og Fjordane må du vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet. Me har stor medverknad på eigen arbeidskvardag og blir svært motivert av å løyse oppgåvene våre som sikrar optimal kraftproduksjon på ein god og trygg måte.
Kvifor velje oss?Hjå oss får du ei variert og utfordrande arbeidskvardag, der du vil vere med på å sikre stabil og trygg energiproduksjon i heile vår portefølje. Du vil ha ansvar for drift og vedlikehald av kraftverk og reguleringsanlegg, frå vatnet i magasina til straumen som kjem ut på nettet. Arbeidet ditt vil inkludere både elektriske, mekaniske og bygningsmessige oppgåver. HMS er alltid vår første prioritet, og du vil vere sentral i å sikre at tryggleiksrutinar blir følgde. I tillegg vil du delta i prosjekt, enten som leiar eller som ein del av teamet, og bidra i vaktordningar ved behov.
Hjå oss vil du bli ein del av ei gruppe som-
Set tryggleikfremst: Tryggleik for liv og helse har alltid første prioritet. Me er i ein bransje der feilvurdering av mekaniske og elektriske krefter kan få alvorlege konsekvensar.
-
Fremjar trivsel: Trivst medan me jobbar. Det er alltid rom for ein god vits eller ei morosam historie. Me meiner sjølv me har utvikla ein positiv og god arbeidskultur!
-
Jobbar saman: Samla er me sterke! Me trur på å jobbe saman og støtte kvarandre. Enten det er å løyse utfordringar eller å feire suksessar, er me alltid der for kvarandre.
-
Er nyskapande: Me er opptekne av berekraft og korleis me kan gjere verda til ein betre stad. Me likar å diskutere idear og dele kunnskap om korleis me kan vere meir miljøvennlege.
Du er ein person som er påliteleg,strukturert og har høg gjennomføringsevne. Du blir motivert av å jobbe på tvers av ulike fagfelt, og har interesse for ny teknologi og gode løysingar. Det er viktig at du har ein aktiv haldning til HMS, og er stolt av faget ditt. Utover dette set me pris på at du er glad i samarbeid, og ønskjer å dele av din kunnskap.
Me ser også for oss at du har:
-
Fagbrev som energioperatør, energimontør, automatikkar eller elektrikar.
-
Erfaring frå kraftbransjen kan vere ein fordel, men erfaring frå prosessindustri og anna relevant praksis er også interessant.
-
Kunnskap om apparatanlegg, PLS-styring/kontrollanlegg, generatorar, hydraulikk/pneumatikk, damanlegg og turbinar vil vere velkomne.
-
Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg. Du må også ha basiskunnskapar i engelsk.
-
Førarkort klasse B.
Ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava -- me ser etter den rette personen, ikkje berre den rette CV-en! Me trur på at mangfald styrkar oss, og ynskjer alle kvalifiserte søkarar uansett bakgrunn og erfaring velkommen.
Ta gjerne kontakt med kraftverkssjef Bjarte Haugen på tlf. nr. 413 24 789 om du har spørsmål om stillinga.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Om bedriften
Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me nærare 160 energiske medarbeidarar -- og me vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer! På fritida likar me å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Me kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord. Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Me skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der me tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Me skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8450f599-7f48-4b4f-870a-1782fc049228
- Hentet fra
FINN
- Referanse
429565092