Er du ein erfaren revisor med interesse for IT og dataanalyse?
Nivå uten søknadsbrev, Riksrevisjonen
Storgata 16, 0155 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver/seniorrådgiver finansiell IT-revisjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Riksrevisjonen er inne i ei spanande tid, med stor satsing på IT i den finansielle revisjonen. Vi reviderer store statlege verksemder, noko som krev utbreidd bruk av dataanalyse. Vi ser no etter ein ny medarbeidar til teamet som jobbar med finansiell revisjon av NAV. Rett person vil få ei sentral rolle i utviklinga av dataanalysar og bruk av teknologi i finansiell revisjon på NAV-oppdraget og i Riksrevisjonen.
Du blir ein del av eit stort fagmiljø som bidreg til at statens rekneskap er korrekte, og dermed byggjer tillit mellom statsforvaltninga og innbyggjarane. Riksrevisjonen er ein raus og ambisiøs arbeidsgivar som ønskjer å leggje til rette for at du skal lukkast hos oss.
Kva vil du få jobbe med hos oss?
- Delta i revisjonsteam som planlegg, gjennomfører og rapporterer finansiell revisjon
- Vurdere IT-kompleksitet og -risiko, utføre kartlegging og teste kontrollar i IT-system med tyding for rekneskap i store, statlege verksemder
- Bidra til å forbetre arbeidsprosessar i finansiell revisjon gjennom bruk av teknologi
- Bidra til å utvikle Riksrevisjonens arbeid med dataanalyse (ADA) i finansiell revisjon
Kva slags kompetanse har du?
- Bachelor eller master i rekneskap og revisjon. Årsstudium innan informasjonsteknologi, programmering eller anna relevant IT-studium er ein stor fordel
- Minimum to års erfaring med operativ finansiell revisjon
- Erfaring med finansiell IT-revisjon og dataanalyse
- Svært gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Det er ein fordel, men ikkje eit krav at du:
- Har jobba med revisjon av datakvalitet
- Er CISA-sertifisert
- Er statsautorisert revisor
- Har forståing for databasar
Stillinga krev at du kan bli tryggleiksklarert til nivå HEMMELEG, og oppstart føreset at klareringa er på plass.
Kven er du?
- Svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Gode analytiske evner
- Resultat- og endringsorientert
- Evne til å identifisere risikoar og forbetringsområde
Kva får du hos oss?
Som eit resultat av ny teknologi er finansiell revisjon i stor endring. I Riksrevisjonen tek vi i bruk moglegheitene som den nye teknologien gir oss, og du får moglegheit til å jobbe tett med kompetente kollegaer i grenseflata mellom teknologi og finansiell revisjon.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling og har gode stipendordningar for etter- og vidareutdanning. Du får tilbod om medlemskap i revisorforeininga si kurspakke, Rekomp. Har du utdanning, men treng praksis for å kunne bli statsautorisert revisor, kan du få det hos oss.
Vi har fleksitidsordning og sommartid, og kvar veke kan du trene ein time i arbeidstida. Du blir medlem i Statens pensjonskasse som sikrar deg god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og moglegheit for gunstig bustadlån.
Du vil bli tilsett som rådgivar med lønsspenn frå 590.000 til 650.000 kroner per år, eller som seniorrådgivar med lønsspenn frå 650.000 til 915.000 kroner. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
Høyrest dette interessant ut?
Då håper vi å høyre frå deg. Du søkjer via vår søknadsportal. Vi er meir opptekne av kva du kan enn kor god du er til å skrive ein søknad. Vi ber deg difor heller å laste opp ein utfyllande CV som viser kva erfaring og kompetanse du har. Last opp utfyllande CV, vitnemål og eventuell annan relevant informasjon.
Søkjarar med utdanning teke i utlandet må leggje ved dokumentasjon frå NOKUT/HK-dir som stadfestar utdanninga sitt omfang og nivå samanlikna med tilsvarande norsk utdanning.
Vi er opptekne av å ha ein inkluderande og mangfaldig kultur. Vi har medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse, erfaring og perspektiv og ønskjer oss fleire. Har du funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn og/eller hol i CV-en, kan du krysse av for dette når du søkjer stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Vi offentleggjer søkjarlister. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje kvifor. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført. Vi vil varsle deg på førehand viss reservasjonen ikkje kan imøtekomast, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, § 25.
Dersom du ønskjer å vite meir om stillinga før du søkjer, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Usman Asif 980 11 975 eller spesialrådgivar Ole Bjørn Bergby 413 89 861.
Kontaktinformasjon
Usman Asif, Avdelingsdirektør, 980 11 975Ole Bjørn Bergby, Spesialrådgiver, 413 89 861
Arbeidssted
Storgata 160155 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: RiksrevisjonenReferansenr.: 5010599394
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Usman Asif
Avdelingsdirektør
980 11 975
Ole Bjørn Bergby
Spesialrådgiver
413 89 861
Om bedriften
Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midler og verdier blir brukt og forvaltet slik Stortinget har bestemt. Dette gjør vi gjennom revisjon, kontroll og veiledning.
Riksrevisjonen skal være kompetent, uavhengig og objektiv. Høyt faglig nivå og tillit i samfunnet er viktig for oss. Internt legger vi vekt på lagånd, åpenhet og respekt for å oppnå gode resultater.
Vi har ca. 450 høyt kompetente medarbeidere ved hovedkontoret i Oslo og regionkontorene i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og Hamar.
Les mer om oss på www.riksrevisjonen.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
841e1fa5-f886-4f79-99ff-bc8eb4c94ba0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be1bb93d0da14af09002445a0768fe09