Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 1
- Klinikk sikkerheitspsykiatri, Lokal sikkerheitspost (LS)
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR), Post 1 har i kombinasjon med Bemanningssenteret ledig 100% fast stilling som Helsefagarbeidar. Pt er 50% av stillinga ved AFMR post 1 og 50% av stillinga ved Bemanningssenteret i føretaket. Stillinga ved AFMR Post 1 inneber 2-delt turnus og kvar 3. helg.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærheten til Lagunen Storsenter.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som helsefagarbeidar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
Vi ønsker oss medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevne og kan arbeide målretta og strukturert. Du må i tillegg ha god fagleg vurderingsevne, vere løysingsorientert og meistre høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengeposten har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og ein trinnvis oppbygging av kompetanse.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf: 55918425.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Lokal Sikkerheitspost (LS) Vi søker helsefagarbeidar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg med langvakter i helgane. Vi er ein lukka sengepost med 10 døgnplassar. Vi jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette
gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar.
Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/
psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom
utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde
over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og
sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelingaArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5018565478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
83f0f106-bee6-4909-bf33-8b8a69366d0f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23430ecb599047a4b1141a9301b9998a