Seksjonsleiar Kirurgisk poliklinikk
AVDELING KIRURGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. september
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også i mot akutte skader ved vår skadepoliklinikk som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Preoperativ poliklinikk der ein klargjer pasientar for operasjon er også ein del av seksjonen.
I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar.
Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar. Ein forventar at ny seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnyttelse i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift og fagleg utvikling av seksjonen i nært samarbeid med seksjonsoverlegar
- Personalansvar for tilsette i seksjonen
- Ansvar for at poliklinikken vert driven etter gjeldande lovar og forskrifter, etter interne retningslinjer og innanfor økonomisk rammer.
- Samhandling med andre fagmiljø og avdelingar
- Bidra til god pasientflyt og effektiv ressursbruk
- Implementering av kvalitetsforbetring og digitale løysingar
- Kombinert arbeidstid: ca 50% administrativt arbeid og 50% klinisk arbeid.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar
- Vi trur du lukkast best om du har erfaring frå arbeid med kirurgiske pasientar
- Ynskjeleg med utdanning og erfaring som leiar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg og synleg for dei tilsette og avdelinga
- Du er fleksibel og nytenkande og løysingsorientert
- Du har evne til å arbeide strukturert og målretta både individuelt og i team.
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne til å kunne arbeide tverrfagleg
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!Kontaktinformasjon
Maren Pedersen, Avdelingssjef, 92290029, Maren.Pedersen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5009723212
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
83876fb7-441c-437e-b790-f68a1d91f4b5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4af02fcddeb049bd9afce8954ad04b71