Hopp til innhold

Varierte oppgåver i skade- og lakkavdeling

Arbeidsgiver

Trucknor Firda AS

Sted

Storehagen 4, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Bilskadereparatør / Lakkerar / Sveiser
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Har du fagbrev, erfaring frå bilbransjen eller likar å skape resultat du kan vere stolt av?

Trucknor Firda opplever aukande oppdragsmengde og søkjer derfor nye kollegaer til vår skade- og lakkavdeling i Førde.

Vi reparerer, fikser og lakkerer bussar og lastebilar for kundar over heile regionen. Arbeidskvardagen er variert, og vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har erfaring innan bilskade, lakk, sveis eller mekaniske fag. Har du ikkje relevant fagbrev, men rett innstilling og interesse for faget, oppmodar vi deg likevel om å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Skadereparasjon av bussar og lastebilar

  • Oppretting og utskifting av skadde komponentar

  • Sveising og produksjon av delar

  • Ruteskift

  • Lakkering og overflatebehandling

  • Taksering og dokumentasjon av skadar

  • Samarbeid med verkstad og kundemottak

Kven ser vi etter?

Vi søkjer deg som:

  • Er kvalitetsbevisst og løysingsorientert

  • Har interesse for bil- og transportfaget

  • Tek ansvar og trivst med sjølvstendig arbeid

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan bilskade, billakkering, reparatør tunge køyretøy eller tilsvarande fag

  • Erfaring frå skadeverkstad, mekanisk arbeid, sveising eller lakkering

  • Førarkort klasse B

  • Klasse C, CE eller D er ein fordel, men ikkje eit krav

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

  • Eit solid selskap med gode framtidsutsikter

  • Moderne verkstad og godt utstyr

  • Opplæring, kurs og kompetanseutvikling

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

  • Moglegheit til å ta relevante sertifikat og førarkort etter avtale

Hos Trucknor Firda får du jobbe med store køyretøy, moderne utstyr og dyktige kollegaer i eit selskap som satsar på både folk og fag. Interessert?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Vi vurderer søknader fortløpande.

Søknadsfrist: Snarast.

Om bedriften

Trucknor Firda AS er lokalisert i Førde og utfører vedlikehald, reparasjonar og skadereparasjonar på lastebilar, bussar og andre større køyretøy. Vi er ein solid og framtidsretta arbeidsplass.

Selskapet er eigd av Firda Billag og Strømberg Gruppen, noko som gir oss både lokal forankring og tilgang til eit større fagmiljø. Vi legg vekt på høg fagleg kompetanse, korte beslutningsvegar og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får utvikle seg.

Som tilsett hos oss får du tilgang til attraktive personalgode, inkludert moglegheit til å nytte selskapet sine feriehus i både Noreg og Spania.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

832e4079-5648-45b6-8bc8-b2f0e1a88074

Sist endret

3. november 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

480097275

Lignende annonser

Laster lignende annonser