Sjukepleiar/vernepleiar
Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Ved Allmenpsykiatri sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi no ledig 3 faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar med eller utan relevant vidareutdanning, på dag/kveld, med arbeid kvar 3. helg. Stillingane er av storleik 75%, og er klar for oppstart etter avtale.
Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyd blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltak
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til fagleg utvikling av sjukehuspsykiatrien
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vernepleiar
- Ønskeleg med relevant erfaring i psykisk helsearbeid eller rus
- Ønskeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig
- Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre
- Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
- Du bidreg til godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, 40452870, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5020703656
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
831c5a9b-5973-46ab-b71e-b8b5d9ebefec
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c127cfaf0bd24fdb9a04cbd4cc6ac83e