Assisterande seksjonsleiar
Medisinsk klinikk/ Medisinsk post 2 dialysen, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Assisterande seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. desember
Ønsker du nye utfordringar?
Vi har ledig fast stilling som assisterande seksjonsleiar ved Dialysen. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og utviklande fagmiljø, der du kan få nytte den faglege og leiarmessige/administrative kompetansen du har tilegna deg.
Dialyseavdelinga er ei dageining som ligg under nyreseksjonen i Medisinsk Klinikk. Avdelinga er open på dagtid sju dagar i veka, med kveldsåpent måndag t.o.m. fredag. Vi driftar to dialysesatellittar ved henholdsvis Øygarden lokalmedisinske senter og Region Nordhordland helsehus, samt poliklinikk for peritonealdialyse. I tillegg gir dialyseavdelinga ambulerande tenester til pasientar med dialysebehov, som er inneliggande på andre avdelingar på sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Stedfortreder for seksjonsleiar
- Utføre delegerte oppgåver frå seksjonsleiar, nærare beskreve i stillingsspesifikke oppgåver
- Handle innanfor gjeldande lover, føresegner, avtalar og interne føresegner, herunder etiske retningslinjer og internkontroll
- Medansvar for dagleg drift av seksjonen
- Delta i og følge opp seksjonens forbetringsarbeid, forbetringsundersøkingar, kvalitet- og pasientsikkerhetsarbeid, samt HMS-arbeid
- Pådrivar for fag- og kompetanseutvikling i seksjonen
- Planlegge og legge til rette for opplæring, oppfølging og evaluering av nytilsette
- Bidra i seksjonens kliniske arbeid
- I stillinga inngår 12 helgar med 37,5 timars arbeidsveke
Kvalifikasjonar
- Relevant vidareutdanning innan nyre eller leiing
- Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar
- Relevant klinisk praksis
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
- Du er serviceinnstilt
- Trivst med å arbeide i tverrfagleg team
- Er sjølvstendig og trygg i arbeidet. Skapar tillit og gode relasjonar med andre
- Tar ansvar og trivast i eit aktivt og travelt miljø, og har ein god arbeidskapasitet
- Er strukturert og stabil
- Er handlekraftig, lojal og inkluderande
- Har ein god kommunikasjon med tilsette og samarbeidspartnarar
- Er ein god teambyggar og bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Audhild Hannisdal Jørstad, Avdelingssjukepleiar, 48092221Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5045204924
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Audhild Hannisdal Jørstad
Avdelingssjukepleiar
48092221
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
82d83363-88ea-41c3-ba07-86eaf5bddd56
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d7e3d445cea242aea0ab18ba2ba7664e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kronstad DPS/ Kronstad allmenn døgnbehandling, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Kirurgisk serviceklinikk/ KSK støtte SOP, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Assistent
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen