Sjukepleiar sjukeheim og heimetenesta
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. november
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!
Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten, ein sjukepleiar i 100% fast stilling i turnus, ledig frå d.d.
For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då 4. kvar helg.
Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs.
Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.
Arbeidsoppgåver:- Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon
- Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten
- Heilskapleg pleie og omsorg
- Rettleiar for studentar/lærlingar og andre
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
- Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
Sentrale ansvarsområde:
- Pasientflyt
- Pasientjournalsystem - LMP
- Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
- Medikamenthandtering
- Legevisittar
- Tverrfagleg samarbeid
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane.
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
- Førarkort
- Løysingsfokusert
- Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Lønn etter tariff, med fastsatt lønnstillegg for legevaktssatellitten.
- Tilrettelagt årsturnus
- Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
82b39815-4f28-4af1-99eb-b78d9e52930b
- Sist endret
13. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3669791_194697_nn