Fleire ledige vikariat som Sjukepleiar/vernepleiar i Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 90%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
Er du glad i ansvar, raus i møte med mennesker og kreativ i jakta på dei gode løysingane?
Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert sjukepleiar/vernepleiar!Til stillinga ser vi etter deg som trivast med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivast best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar/vernepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Vi søkjer akkurat deg som er:
Omsorgsfull – Raus – Engasjert - Lojal
og har:Humor – Livsglede - Mot
Som vår nye kollega vil du kunna få eit 50% - 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar. Vikariata er ledige frå 15.09.2025 – 14.09.2026. Vi har årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Autorisasjon som Sjukepleiar/vernepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
Du er strukturert og evnar å halde oversikt.
Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar: omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.
Du trivast med å tenjke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Om du kjenner deg igjen, bli med oss på laget då vel!
Anna:
Sjukepleiar og spesialsjukepleiar i fast turnus er løna kr 35 000,- pr. år over gjeldande tariff
Vernepleiar og spesialvernepleiar i fast turnus er løna kr 25 000,- pr. år over gjeldande tariff.
Kontakt:Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
822e23cc-f633-4632-961a-806ee2c8a13e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3539291_194035_nn