Fastlegevikariat
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Grandegata 54, 6210 Valldal
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlegevikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Er du vår nye fastlegevikar?
Då ein av våre fast tilsette legar skal ha sjukehusteneste, søker vi ein engasjert og nysgjerrig fastlegevikar i hennes heimel.
Oppstart frå 1. mars 2026 eller etter avtale.
Vikariatet går minst fram til og med desember 2026.
Listestorleiek er på kring 650.
Vi nyttar CGM journal.
Vi er heldige som har alle stillinger i helseetaten besatt.
Teamet består av kommuneoverlege, fire fastlegar og ein til to LIS 1 legar, helsesekretærar, helsesjukepleiarar, psykolog, psykisk helsearbeidar, jordmor, fysioterapeutar og ergoterapeut.
Det er eigen einingsleiar med ansvar for administrativt driftsarbeid ved kontora.
Vi er en ALIS-kommune, kor kommuneoverlegen er rettleiar for alle legane.
Han har løpande rettleiing med kvar enkelt lege, samt faste månedlege møte med alle.
Hvis kandidaten ønsker det, kan vi tilby ALIS avtale.
Fjord kommune består av sju bygdelag. Vi har legekontor i to av dei, nemleg Stordal og Valldal.
Arbeidssted kan avtalast nærmare med aktuell kandidat.
Legen må delta i interkommunalt legevaktsamarbeid ved Ørskog legevaktstasjon, samt nattlegevakt i Ålesund kommune, begge steder fastlønn.
Ørskog - har legesekretær fast ansatt (17-delt vakt), mandag-fredag kl. 18-21, lørdag og søndag kl. 12-20.
Nattlegevakt ved Ålesund Legevakt, ca. 5 stk. pr. år.
I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Eidsdal, Stordal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Fjord kommune si plassering på Sunnmøre, er tilgjengleg med 1 times køyretur frå Ålesund sentrum, og 55 minutter frå Moa-området, til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.
For meir informasjon kring bygdelag i Fjord kommune, sjå:
For meir informasjon om Sunnmøresregionen, sjå:
Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen. Det er veldig godt samhold i kollegialet, der alle er interessert i friluftsliv.
Møt to av legane i Fjord kommune: Det gode legelivet i Fjørå (opplevfjord.no)
Legane har faste fagmøter, og eit godt samarbeid med sjukehuset i Ålesund.
Vikariat vil vere på 80 % stilling, men om kandidat ønsker 100 %, vil dette la seg ordne.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåvene er i samsvar med gjeldandelover, forskrifter og avtaleverk.
- Klinisk praksis på eiga liste, samt kollegeal fråværsdelning
- Offentleg legeoppgåver inntil ein dag pr. veke etter nærare avtale
- Helsefremmande og førebyggande arbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- Kommuna har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt mellom alle legane i kommuna.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha godkjent norsk autorisasjon som lege
- Må ha gjennomført LIS 1 teneste
- Spesialist i allmennmedisin eller klar for å starte spesialisering i LIS 3
- Det stilles krav om politiattest, i tråd med bestemmingar i helsepersonallova
- Personleg eignaheit blir vektlagt for samarbeid i etablerte team
- Den tilsette må beherske norsk særs godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt
- Interesse for allmennmedisin og forebyggende arbeid
- Godt humør og positiv framtoning
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God digital kompetanse
- Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide strukturert, målretta sjølvstendig og i team
- Kunne arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer for legar
Vi tilbyr
- Varierte og overkommelege arbeidsdagar, kommuna er opptatt av å kunne tilby gode arbeidsvilkår
- Triveleg arbeidsmiljø med kvalifiserte medarbeidere
- Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS, og kan dermed tilby ALIS-avtale
- Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS 3
- Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
- Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommuna
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- God forsikrings- og pensjonsordning i KLP
- Fastlønn etter avtale
- Hjelpe til med å finne husrom og eventuelt arbeid for partner
- Ei verksemd i utviling
- Gode samarbeidspartnarar i andre delar av helsetenesta i kommunen
Kontaktinformasjon
Henrik Steenfeldt-Foss, Kommuneoverlege, 92302041Rønnaug Hove, Leiar Fjord helse, 41867937
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef helse, omsorg og velferd, 95855960
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5056686714
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Sindre Søvik Erstad
Kommunalsjef helse, omsorg og velferd
95855960
Rønnaug Hove
Leiar Fjord helse
41867937
Henrik Steenfeldt-Foss
Kommuneoverlege
92302041
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8207accd-147c-41d8-8fdb-7c3a935de874
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a5d7926e58964efdbe9998ee12749596
Lignende annonser
Ferievikarar 2026
Arbeidsgiver
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven, Sykkylven
Arbeidsgiver
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
Sted
Hellesylt
Helsefagarbeidar - Sunnylven distrikt
Arbeidsgiver
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
Sted
Hellesylt