Lege før turnusteneste
Avdeling for Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling(TSB)Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege før turnusteneste
Oppstart
24. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
Er du klar for nye utfordringar? Vil du jobbe i ei spennande legestilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?
Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med på å vidareutvikle eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Vi har ledig 1 x 100 % vikariat for lege før turnusteneste ved Avdeling for TSB, Ålesund behandlingssenter.
Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter tilbyr avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Vi gir utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle samtalar og gruppeterapeutiske tilnærmingar.
Du er velkomen som søkar!
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytte til avdelinga si verksemd, avhengig av seksjon (mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, tverrfaglege drøftingar m.m.)
- Tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, eller midlertidig lisens (stud.med.)
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Fagleg engasjert
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Rettleiing frå erfarne overlegar
- Eit sterkt og engasjert tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass
- Løn etter gjeldande tariffavtalar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleiar, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.noArbeidsstad
Vestmoa 276018 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5031320586
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 24.11.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 27.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
809f3b16-8c89-4b37-b471-6767bb4c14ab
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a62fb1adb6f34374a3c00c27e662ced0
Lignende annonser
Arbeidsgiver
AVDELING FOR DISTRIKTSPSYKIATRISKE SENTER DPS SUNNMØREHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Sosionom, Vernepleier, Sykepleier
Arbeidsgiver
Psykisk helse og rus
Sted
Ålesund