Kjøkkenassistent 55 % fast stilling
Felleskjøkkenet, Vartdal helstun
6170 Vartdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Type ansettelse
Fast, deltid 55%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
Ved felleskjøkkenet, Vartdal helsetun har vi ledig fast 55 % stilling for kjøkkenassistent. Det kan vere mogleg å auke stillinga ved å ta vikarvakter ved behov.
Kjøkkenet har eit miljø som er levande opptekne av norsk tradisjonskosthald, og vi ynskjer og ha eit best mogleg mattilbod til våre pasientar og brukarar.
Vi søkjer etter deg som har interesse for matlaging og som ønskjer å bidra til eit godt og næringsrikt kosthald for våre pasientar og brukarar.
Arbeidsoppgåver
Felleskjøkkenet har som oppgåve å lage mat til institusjon og til heimebuande som får mat tilkøyrt gjennom matombringingstenesta.
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stillt særskilt krav til utdanning i den stillinga, men erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel
- Kunnskap om og interesse for norsk tradisjonskosthald
- God forståing for hygiene og tryggleik i matlagingen
- Fleksibel og påliteleg med evne til å tilpasse seg ulike arbeidsoppgåver og arbeidstider
- Gode norskkunnskapar og evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har evne og vilje til å inngå i eit miljø som er levande opptekne av norsk tradisjonskosthald
- er kreativ
- er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår: Dagtid med arbeid på helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr1.1.stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6572 assitent
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
PrøvetidPrøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Silje Solhaug, Avd.leiar Felleskjøkkenet, 476 59 833, silje.solhaug@orsta.kommune.noArbeidsstad
6170 Vartdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5012437428
Stillingsprosent: 55%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
804904c4-14ee-4bc1-a437-2a6c20e06573
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a85099dc6edf4d54a9c7b192992e7355