Hopp til innhold

Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent

Arbeidsgiver

HAMNØY AS

Sted

Naustbakken 7, 5773 Hovland

Om jobben

Stillingstittel
Administrasjonskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. januar

Er du den som held orden på fakturaene, finn løysinga når fagsystemet ikkje vil samarbeide, og samtidig blir nysgjerrig på kva ein kan få til med eit gammalt fotoarkiv? Då kan du vere personen me søkjer etter. Kraftmuseet styrkjer no administrasjonen og søkjer ein allsidig administrasjonskonsulent, som vil vere med og sikre ei stødig drift av eit mellomstort museum med store oppgåver.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som administrasjonskonsulent rapporterer du til direktør og arbeider i eit tett tospann med administrasjonsleiar. Du blir eit knutepunkt mellom avdelingane ved museet, offentlege instansar og samarbeidspartnarane våre. Kvardagen vil innehalde varierte administrative oppgåver.

Relevante arbeidsoppgåver vil vere å:

  • klargjere fakturagrunnlag og registrere og kontere inngåande fakturaer for godkjenning og utbetaling
  • følgje med på postmottaket og journalføre inngåande og utgåande post
  • vere intern brukarstøtte og ein trygg ressurs på dei administrative fagsystema våre
  • bidra i førebuing av lønnskjøring i samarbeid med ekstern rekneskapsførar
  • følgje opp og vedlikehalde personalhandboka og dei administrative rutinane
  • bidra til søknadsskriving, rapportering og utviklingsarbeid, mellom anna innan naudsynt oppdatering av system og rutinar knytt til dei ulike fagfelta ved museet

Din profil

Vi søkjer deg som har solid administrativ forståing og trivst med strukturert rutinearbeid, samtidig som du er løysingsorientert og fleksibel når kvardagen krev det. Vi trur du er positiv, nysgjerrig og open, og er god på å skape relasjonar. Det er nok ein fordel om du har interesse for kulturarv og museumsfeltet. Rolla kan over tid utviklast mot eit breiare administrativt ansvar for rett person.

Vidare ser vi for oss at du har:

  • fagbrev i kontor og administrasjonsfaget, relevant vidareutdanning eller bachelorgrad innan administrasjon, økonomi eller prosjektarbeid. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse.
  • minst eitt til to års relevant administrativ erfaring
  • grunnleggjande kunnskap om rekneskap og kontering
  • god digital forståing og tryggleik i bruk av ulike digitale verktøy
  • god skriftleg framstillingsevne på nynorsk, eller tydeleg vilje til å lære deg det
  • erfaring frå museum eller kulturverksemd er ein fordel, men ikkje eit krav

Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.

Kvifor Kraftmuseet?

  • Variasjon: Kvardagen spenner frå faktura- og postmottak til arkivprosjekt og strategiske søknader.
  • Eit oppdrag som betyr noko: Du er med og tek vare på industrihistoria som forma Hardanger og Noreg.
  • Tett og allsidig fagmiljø: I ein liten organisasjon med flate linjer blir innsatsen din lagd merke til.
  • Ordna vilkår: Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. 
Arbeidsstad

Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune. Stillinga er fast og 100 %, med 37,5 timars arbeidsveke. Det er lagt opp til fysisk oppmøte, med fleksibilitet ved særskilde behov.

Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY ved rådgjevarane:

  • Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
  • Dorthe Utvik, tlf. 484 47 373

Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt, også overfor oss i Kraftmuseet i den innleiande fasen dersom det er ønskjeleg.

Tiltreding etter avtale.

Kontaktinformasjon

Dorthe Øygard Eide, Rådgiver - research & analyse, +47 484 47 373, doe@hamnoy.no
Fredrik Deilkås, Rådgiver, +47 984 72 541, fad@hamnoy.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: HAMNØY AS

Referansenr.: 5213367495
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2027

Kontaktpersoner for stillingen

Fredrik Deilkås

Rådgiver

+47 984 72 541

fad@hamnoy.no

Dorthe Øygard Eide

Rådgiver - research & analyse

+47 484 47 373

doe@hamnoy.no

Om bedriften

Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Museet formidlar den historiske framveksten av industrisamfunnet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Museet har 16 fast tilsette og tek imot mellom 20 000 og 30 000 besøkjande i året. Kraftmuseet forvaltar om lag 25 bygg og publikumsarenaer, mellom dei den freda kraftstasjonen Tysso I og KraftLaben i Odda, og har bygd opp eit eige Industriarkiv. Saman med Anno Norsk Skogmuseum er Kraftmuseet med i den nasjonale museumsordninga til NVE.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

800be0c7-6adc-46ae-91e2-48718f9da88f

Sist endret

20. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

49dfb3165adb47bc871a714b2f05a90e

Lignende annonser

Laster lignende annonser