Ledig stilling som reinhaldsleiar, Bygg- og eigedomsdrift
Etne kommune Bygg- og eigedomsdrift
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldsleiar, 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 14. september
Etne kommune, Bygg- og eigedomsdrift har ledig 100% stilling som reinhaldsleiar.
Vi søkjer ein fagleg trygg, strukturert og engasjert medarbeidar som vil vere med og vidareutvikle reinhaldstenesta og sikre god kvalitet i arbeidet.
Reinhaldsleiar har ei sentral rolle i den daglege drifta av avdelinga, med ansvar for planlegging, koordinering, oppfølging og fagleg rettleiing. Stillinga kombinerer praktisk reinhaldsarbeid med administrative og koordinerande oppgåver.
Arbeidsoppgåver
- fordele arbeidsoppgåver i dialog med gruppa, organisere arbeid ved fråvær og ferie
- følgje opp at reinhaldet vert utført i tråd med fastsette standardar, regelverk og målsettingar
- prioritere reinhaldsoppgåver ut frå hygieniske, estetiske og faglege vurderingar
- delta i dagleg reinhald og andre oppgåver ved behov
- sjå til at hovud reinhald og periodisk reinhald vert gjennomført som avtalt
- ha dialog med brukarar og eksterne samarbeidspartnarar
- planleggje og leggje til rette for arrangement, utleige og eksterne brukarar
- ha ansvar for dokumentasjon, internkontroll og reinhaldsplanar og bruk av digitale system
- motivere medarbeiarar og bidra til godt arbeidsmiljø og godt samarbeid i avdelinga
- sikre opplæring, oppfølging og fagleg utvikling i avdelinga
- ha fokus på HMS. Bidra til førebygging av fråvær og helseskadar
- bidra til varebestilling og innkjøp innanfor fastsette rammer og i dialog med leiar
- ha ansvar for reinhaldslager
- ha ansvar for kontroll av maskinar og følgje opp service, vedlikehald og reperasjonar
- bidra til fakturahandsaming og timeføring
- bidra til god ressursutnytting og til at avdelinga held seg innanfor økonomiske rammar
- delta i nettverksmøte, intervju og fleirfagleg samarbeid ved behov
- utføre andre interne oppgåver som leiar vurderer som tenelege for avdelinga, til døme; fakturahandtering og innkjøp m.m.
Kvalifikasjonar
- det er krav om fagbrev innan reinhaldsoperatørfaget
- det er ønskjeleg med erfaring frå reinhald
- det er ein fordel med erfaring frå leiing eller arbeidsleiing
- krav til førarkort klasse B
- god fagleg forståing for kvalitet, hms, økonomi og internkontroll
- krav om evne og interesse til å nytte digitale verktøy i arbeidskvardagen
- søkjar må meistre norsk godt, både munneleg og skriftleg
Eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- er tydeleg og ansvarsmedviten
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- kan motivere og følgje opp medarbeidarar
- bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø for tilsette og yte god service for brukarar
- er fleksibel og løysningsorientert
- har evne til å handtere både dagleg drift og planlegging
Personlege eigenskapar vert lagde vekt på.
Me tilbyr
- ein interessant jobb med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- utvikling og kompetanseløft
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- lønn etter tariff og godkjent ansiennitet
- fleksitid
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ed1b351-0088-44bf-b3bd-de32015c2175
- Sist endret
31. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3639113_252149_nn