Hopp til innhold

Ass. nettredaktør - udi.no (vikariat)

Arbeidsgiver

UDI

Sted

Innspurten 11, 0663 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Ass. nettredaktør - udi.no (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Assisterande nettredaktør – udi.no (vikariat)

Vil du vere med og forme ein av dei største offentlege nettstadene i Noreg?


UDI jobbar med spørsmål som rører ved mange menneske – og som ofte står høgt på dagsordenen. For mange er nettstaden vår, UDI.no, det første og viktigaste møtet med oss. Her skal menneske med svært ulike føresetnader finne svar på spørsmål som kan ha stor betydning for livet deira. Det stiller høge krav til innhaldet vårt: Det skal være riktig, forståeleg og enkelt å finne. Samtidig må vi vere raske når verda, regelverket eller behova til brukarane endrar seg. Derfor er arbeidet med UDI.no både krevjande, variert og meiningsfylt.

UDI.no er ein av dei mest besøkte offentlege nettstadene i Noreg, med over 8 millionar unike brukarar og 40 millionar sidevisningar i året. Hos oss får du ei viktig rolle i å sikre at innhaldet er korrekt, tilgjengeleg og tilpassa ulike målgrupper. Du får jobbe på eit felt med stor politisk interesse og høgt informasjonstrykk.

Som assisterande nettredaktør blir du ein del av nettredaksjonen, som har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av udi.no. UDI.no er tett knytt opp mot andre nettløysingar, og du vil samarbeide med kollegaer som har ansvar for desse løysingane. Du vil også ha eit tett samarbeid med fagavdelingane våre og kontaktsenteret til UDI.  

Vi søkjer etter deg som trivst med raske skifte, komplekse problemstillingar og samarbeid på tvers av fagmiljø. Vi har høy fagleg kompetanse, stort engasjement og er stolte av jobben vi gjer! Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, og det er viktig for oss at du er ein lagspelar som støtter kollegaer når det trengst.

UDI er også midt i eit av dei største digitaliseringsprosjekta i offentleg sektor i Noreg. Med ei ekstraløyving på over 2,3 milliardar kroner moderniserer og utviklar vi saman med UD, Politiet og UNE heile utlendingsforvaltninga (les meir på modulf.no).

Stillinga er eit vikariat med varigheit til 30.08.2027.

Arbeidsoppgaver

  • Bidra til redaksjonelle oppgåver og innhaldsproduksjon
  • Fungere som stadfortredar for nettredaktøren ved behov, inkludert fordeling av oppgåver og fagleg rettleiing
  • Samarbeide tett med fagmiljø og kontaktsenteret til UDI for å formidle regelverk og endringar på ein klar og forståeleg måte
  • Utforme innhald i klarspråk på norsk og engelsk, tilpassa ulike målgrupper
  • Utvikle og forbetre innhald basert på brukartestar og andre typar brukarinnsikt
  • Delta i utviklingsarbeid og bidra til strategisk vidareutvikling av nettstaden

Kvalifikasjoner

Du må ha:
  • Relevant høgare utdanning
  • Solid erfaring med nettarbeid, gjerne frå større nettstader
  • Svært gode skriveferdigheiter på norsk og engelsk (klarspråk)
  • Erfaring med innhaldsproduksjon for ulike målgrupper
  • God kjennskap til publiseringsløysingar (vi bruker Optimizely)

Det er ein fordel om du har:

  • Erfaring med universell utforming og SEO
  • Kjennskap til analyseverktøy (vi bruker Matomo)
  • Erfaring med kontinuerleg forbetring av innhald og brukartesting
  • Kompetanse i nynorsk – som sentralt statsorgan skal UDI bruke både nynorsk og bokmål i allment tilgjengelege dokument, som til dømes nettsidetekstar

Personlige egenskaper

Vi søkjer etter deg som er:
  • Analytisk og løysingsorientert – du set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og ser løysingar framfor problem
  • Ein dyktig formidlar – du gjer komplisert regelverk forståeleg for ulike målgrupper
  • Samarbeidsorientert – du liker å jobbe tett med ulike fagmiljø og er nysgjerrig på det du ikkje kan
  • Strukturert og robust – du handterer høgt tempo, raske skifte, mange oppgåver samtidig, og du har gjennomføringsevne
  • Profesjonell og integritetsbevisst – du har god rolleforståing
  • Rask tiltreding er ønskeleg

Vi tilbyr

Derfor bør du velje oss:
Hos oss får du spennande og varierte oppgåver i ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Hendingar i verda påverkar jobben vår direkte, og vi er vane til å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet.

Du blir ein del av ei verksemd som satsar stort på modernisering, og vi utviklar tenestene våre for å møte endra brukar- og samfunnsbehov.

Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei kjempegod kantine. Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass, og ikkje minst landets aller beste kollegaer (meiner vi).

Nettredaksjonen er ein del av seksjonen Digital kommunikasjon og brukarinnsikt i avdelinga Kommunikasjon og brukerdialog i UDI. Vi er rundt 50 tilsette i avdelinga. Vi er opptekne av å byggje eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø, prega av samarbeid, humor og rausheit.

Stillinga er lønt som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnsspennet 700 000 kr til 850 000 kr brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.

Du er velkomen!

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetting eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppfordre deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss.

Praktisk informasjon:

Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må leggje ved vitnemål når du søkjer på stillinga. Du skal laste opp vitnemålet ditt frå Vitnemålsportalen i WebCruiter. Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli utelaten frå denne lista. I så fall må du grunngi kvifor du ønskjer det. Dersom ønskjet ditt ikkje kan innvilgast, tar vi kontakt med deg på førehand.

I samarbeid med ein ekstern leverandør nyttar UDI seg av bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søker og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga.

Kontaktinformasjon

Erlend Stokstad Haarr, Seksjonssjef Digital kommunikasjon og brukerinnsikt, 90635293
Arne Askautrud, Seniorrådgiver rekruttering, 930 98 023

Arbeidssted

Innspurten 11
0663 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: UDI

Referansenr.: 5168049534
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Arne Askautrud

Seniorrådgiver rekruttering

930 98 023

Erlend Stokstad Haarr

Seksjonssjef Digital kommunikasjon og brukerinnsikt

90635293

Om bedriften

Utlendingsdirektoratet (UDI) skal iverksetje staten sin innvandringspolitikk gjennom handsaming av søknadar om ulike typar opphalds- og arbeidsløyver, og sikre at flyktningar får vern gjennom handsaming av asylsøknadar. UDI er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. Sjå også www.udi.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7d80ab6c-0b67-4df5-bec8-0540fe3886e9

Sist endret

20. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3b57eb52ce5b41a0916dffa8682b45fd

Lignende annonser

Laster lignende annonser