Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Faste stillingar for helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. desember
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:
- Medisinsk klinikk, Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6
- Klinikk hovud-hals, Hovud-hals og auge sengepost
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE), post 6 er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakingsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat.
Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928.
Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, pt. i 2-delt turnus.
Dette er ei kirurgisk og medisinsk avdeling med 27 sengeplassar, og 3 fagområder: Øyre/nase/hals, kjeve og auge. Det er ein spennande avdeling med stor variasjon av prosedyrar og oppgåvedeling av sjukepleieprosedyrar, og vi har hovudansvar for tracheostomipasientar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamarbeidsklima med god trivsel. Det er vekentlege undervisningar på dei ulike fagfelt og undervisning av akutte hendingar. Vår fagsjukepleiar bidrar med kompetanseplanar og opplæring. Det blir sørga for god opplæring med fadderordning.
Du kan gjerne sjå bilete på vår Instagram side "hovud/hals/auge" og sjå video av avdelinga vår på Helse Bergens Instagram side. Ta kontakt om du ønsker ei omvisning i avdelinga.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973515/Kjersti Walde, tlf. 55973509.
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5037603700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7d77d950-1434-4fff-ac52-4c28be24c5b1
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
63b1ff62d2c0495b8440c90d2396ff09
Lignende annonser
Helsefagarbeidere til Omsorgsteam
Arbeidsgiver
Omsorgsteam Ytre Sandviken, Hjemmebaserte tjenester Bergenhus
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester Bergenhus, Omsorgsteam Sentrum
Sted
Bergen
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Fyllingsdalen behandlingssenter, Bergen kommune
Sted
Fyllingsdalen