Ledig lærarstilling ved Tonstad skule
Sirdal kommune
Tonstadveien 28, 4440 Tonstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat ved Tonstad skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. september
Er du ein lagspelar? Bli med på vårt lag som arbeider med å utvikla elevane, skapa ein god skule som opnar dører mot verda og framtida og bidreg til at elevane skal meistra liva sine.
Ledig vikariat i inntil 100% som lærar på Tonstad skule i perioden 13.10.25 - 31.07.26.
Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulane har god vaksentettleik.
Tonstad skule har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisinga di best mogleg. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar.
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
KvalifikasjonarDen som blir tilsett må oppfylle krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift.
Det er særlig behov for lærere med undervisningskompetanse i norsk, matte og samfunnsfag i barneskolen.
Skulen ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og den som blir tilsett må dekka fagbehovet som skulen har.
Opplæringsmålet er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson. Vi treng ein lærar som er ein tydeleg klasseleiar som evner å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi søkjer deg som er engasjert, motivert og som viser evne til å tilpassa deg ulike elevar sine behov. Er du ein lærar som tek initiativ, er positiv og utviklingsorientert, er det alltid plass til deg.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting.
For stillinga gjeld:Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til:
rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627,
Søknadsfrist: 18. september 2025Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c7b8138-8deb-4274-8712-8519430d1e08
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3534977_204613_nn