Logoped
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Logoped
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. oktober
Om stillinga
Eining for barn og familie i Sveio kommune har ledig 100% fast stilling som logoped. Logopeden skal sikre kartlegging, tiltak og hjelp til barn, unge og vaksne som har trong for logopedi. Rettleiing og kompetanseheving hos nærpersonar i heim, barnehage og skule er viktig for å få til ein samla innsats. Sveio kommune har fokus på "Språk, lesing og skriving" i helsestasjon, barnehage og skule. Deler av stillinga vert knytt til dette arbeidet der logoped vil vere ein ressursperson knytt til kompetanseheving, rettleiing og arbeid på systemnivå.
I Eining for barn og familie har vi samla sentrale tenester for barn, unge og deira familiar som jordmortenesta, helsestasjon- og skulehelsetenesta, familierettleiarar, psykisk helseteneste for barn og unge, ressursteam og koordinator barn og unge.
Den einskilde tenesteytar og hjelpetenestene skal samarbeida til det beste for det einskilde barnet og familien og til saman utgjera eit godt lag. Sveio kommune nyttar BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) som samhandlingsmodell for å sikra godt samarbeid mellom tenestene, tidlig hjelp og brukarmedverknad. Felles kompetanseheving og fagleg utvikling sentralt i etablering av ny eining.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggje innan områda språk, tale, svelg, stemme- og kommunikasjon
- Utarbeide og gjennomføre direkte tiltak
- Rettleie føresette eller andre nærpersonar rundt barnet, eleven eller dei vaksne
- Samarbeide med andre faginstansar som f.eks helsestasjon, sjukehus, rehabilitering, ergo- og fysioterapeut
- Deler av stillinga er knytt til språkarbeid i kommunen. Dette inneber å bidra til kompetanseheving, fagutvikling og rettleiing på helsestasjon, i barnehagar, skular og andre arenaer i kommunen
- Kurs- og kompetanseheving på fagområdet
Kvalifikasjonar
- Godkjent master/relevant høgskuleutdanning med vidareutdanning i logopedi
- Relevant test/utgreiingskompetanse
- Erfaring frå arbeid med ulike aldersgrupper og problemstillingar er ein fordel
- Gode norskspråklege kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B og disponera eigen bil
- Tilfredsstilliande politiattest må framvisast ved tilsetting
- Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobba sjølvstendig
- Fagleg interessert og liker å formidle kunnskap på ein engasjerande måte
- Fleksibel, løysingsorientert og bidreg i tverrfagleg samarbeid
- Strukturert og målretta
- Oppmuntrande, empatisk og engasjert
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c472e6b-f82b-438b-ba63-9021f453eeb7
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10263034