Grunnskulelærar/faglærar
Ombo oppvekstsenter, Stavanger kommune
Eidevegen 2, 4187 Ombo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Grunnskulelærar/faglærar
Oppstart
1. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Er du ein engasjert pedagog, som brenn for elevane si læring? Då er kanskje du akkurat den me leitar etter!
Ein av våre dyktige lærarar skal ut i foreldrepermisjon. Me har derfor ledig eit vikariat i 80% lærar på Ombo oppvekstsenter, i perioden 1.11.25-31.07.26.
Ombo oppvekstsenter er ein liten, men mangfaldig arbeidsplass med barnehage, SFO og barneskule samla under eitt tak. Skulen har to aldersblanda klassar med totalt 19 elevar frå 1.–7. trinn. Her jobbar 10 engasjerte tilsette som saman skaper eit trygt og utviklande miljø for barn og elevar, frå barnehage til 7. kl. Du vil bli del av eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø, med tett samarbeid på tvers av trinn og mellom barnehage og skule.
Ombo oppvekstsenter brukar nynorsk i opplæringa.
Oppvekstsenteret ligg på vakre Ombo, den største øya i Stavanger kommune - midt i øyparadiset Ryfylke. Her er sjø, fjell, skog og lokalt dyreliv tett på, noko som gir fantastiske moglegheiter til spennande aktivitetar for undervisning og fritid.
Du må ta båt for å komme til Ombo, enten hurtigbåt frå Stavanger/Judaberg (Finnøy) eller ferje frå Judaberg/Hjelmeland. Det er lagt til rette for å pendle til/frå Judaberg, og tunnelforbindelsen mellom Finnøy og Stavanger er gratis. Oppvekstsenteret ligg på Eidssund, med gåavstand frå både ferje- og hurtigbåtkai. Ønskjer du å bu på Ombo, kan både skulen og lokalsamfunnet hjelpe deg med å finne bustad.
På oppvekstsenteret jobbar me tett saman i eit lite og engasjert fagmiljø, der alle har ei viktig rolle. Som lærar her får vere med å forme eit trygt og utviklande læringsmiljø, og blir ein sentral person i kvardagen til både elevar og kollegaer.
Arbeidsoppgåver
Kjerneoppgåva er undervisning.
Kontaktlæraroppgåver kan tilfalle stillinga.
Me har særleg fokus på leseopplæringa, fysisk aktiv læring og leikbasert læring.
Me er ein liten fådelt skule og det betyr at du blir lærar i fleire fag, på tvers av aldersgrupper og trinn
Kvalifikasjonar (overskrift)
* Godkjent undervisningskompetanse for 1.-7. trinn, eventuelt 1.-4.trinn eller 5.-10.trinn.
* Kompetanse innan lese-, skrive- og rekneopplæring.
* Erfaring frå undervisning og klasseleiing er ein fordel.
* Det er ønskeleg med kompetanse innan norsk, matematikk og engelsk.
* Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy.
Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande nivå B1.
Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.
*Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk.
* Du er tolmodig, fleksibel og har godt humør.
* Du kan jobbe sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver.
* Du er innstilt på samarbeid og jobbar målretta med undervisning og opplæring
* Du er god på gruppeleiing.
* Du har fagleg og personleg styrke, og er opptatt av tryggleik, utvikling og læring.
* Du har gode relasjonelle ferdigheiter og trives saman med elever og føresette.
* Du har eit positivt elevsyn og er ein autoritativ klasseleiar.
* Du er raus og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
* Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.
* Eit engasjerande og inspirerande miljø, der du får moglegheit til å påverke.
* Tilsette, elevar og føresette som er stolte av skulen sin.
* Kjekke kollegaer, godt arbeidsmiljø og vakker natur.
* Hjem-jobb-hjem for reiser i heile kommunen.
* Stillingskode og lønn i tråd med gjeldande tariffavtale.
* Tilsette med godkjent undervisingskompetanse får hjå oss eit funksjonstillegg for ikkje-landfaste øyer på kr 50 000 per år.
* Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ruben Fjell
Arbeidsstad
Eidevegen 2
4187 Ombo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stavanger kommune
Referansenr.: 5025292720
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.11.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 21.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Ruben Fjell
Om bedriften
Stavanger kommune er, med sine 11 000 ansatte, en av regionens største arbeidsgivere.
Vi mener inkludering og mangfold er en styrke. Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mulig grad skal gjenspeile mangfoldet i samfunnet, og oppfordrer alle kvalifiserte til å søke, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Vi jobber for heltidskultur med mål om å ansette i hele stillinger.
Som ansatt i Stavanger kommune får du utgjøre en forskjell for kommunen og innbyggerne og blir en del av en spennende storbyregion.
Vi bygger fellesskap ved å være nære, åpne og nyskapende
Offentlig søkerliste:
Stavanger kommune praktiserer prinsippet om meroffentlighet. Offentlig søkerliste vil normalt inneholde navn på samtlige søkere. Det må foreligge tungtveiende grunner for å få innvilget unntak, jamfør Offentleglova §25.
Politiattest:
Gyldig politiattest må fremlegges før tiltredelse for stillinger der det er påkrevd iht. lovverk.
Vedlegg:
Attester, vitnemål og vedlegg må legges ved søknaden. Vi oppfordrer til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning utført utenfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (eller NOKUT), og godkjenningen må dokumenteres.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c3f95af-847f-40f7-b86b-6af9fc9bb307
- Hentet fra
talentech
- Referanse
825258fb22b741a6b3591270d6ab12a1