Hopp til innhold

Vil du ha heile Nordfjord som arbeidsplass? Vi søker innhaldsprodusent

Arbeidsgiver

Visit Nordfjord AS

Sted

Perhusvegen 24, 6783 Stryn, Stad, Stryn, Bremanger, Gloppen

Om jobben

Visit Nordfjord søker ein innhaldsprodusent i 100 % stilling, med oppstart tidleg i 2027. Innhaldsprodusenten skal produsere foto og film som viser fram Nordfjord – frå bre til hav, gjennom alle årstider.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Digital innholdsprodusent
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Alternativt kan du sende søknad via e-post til benedicte@nordfjord.no

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • Har erfaring med foto, film og redigering -- som tilsett, frilansar eller gjennom eigne prosjekt

  • Tar heile løpet sjølv: Frå idé og planlegging til ferdig innhald

  • Kjenner sosiale medium og veit kva som fungerer i dei ulike kanalane

  • Er sjølvstendig og strukturert, og likar å jobbe for fleire oppdragsgivarar

  • Likar å vere aktiv i naturen og trivst ute i all slags vêr og til alle årstider

  • Uttrykker deg godt på norsk og engelsk

  • Har førarkort klasse B og disponerer bil

Det er ein fordel om du kjenner Nordfjord og har dronebevis, men det er ikkje eit krav. Dronebevis kan vi ordne dersom du ikkje har det frå før. Erfaring og portefølje tel meir enn formell utdanning.

Arbeidsoppgaver

Som innhaldsprodusent i Visit Nordfjord viser du fram Nordfjord i foto og film - frå bre til hav, heile året.

Du planlegg, fotograferer, filmar og redigerer, og du bruker både kamera og drone. Innhaldet blir brukt på nordfjord.no, i sosiale medium, i kampanjar og overfor presse og bransje.

Du jobbar tett på reiselivet. I faste veker er du ute hos reiselivsbedrifter vi samarbeider med, og lagar innhald for dei. Saman legg vi ein plan for året.

Når det skjer noko -- for eksempel nysnø, nordlys eller eit arrangement -- rykker du ut.

Arbeidstida er vanleg dagtid. Kveld og helg kan forekomme når ein leveranse eller eit oppdrag krev det.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • 100 % stilling i Visit Nordfjord, med kontor i Stryn

  • Ein variert kvardag med fleire oppdragsgivarar og heile Nordfjord som arbeidsplass

  • Utstyret du treng: kamera, drone, datamaskin og telefon

  • Stor fridom til å forme innhaldet, i eit lite team

  • Lønn etter avtale og pensjonsordning

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Willand Elsrud

Dagleg Leiar

benedicte@nordfjord.no

Om bedriften

Visit Nordfjord AS er det offisielle destinasjonsselskapet for Nordfjord -- frå Stadlandet i vest til Jostedalsbreen i aust. Selskapet blei stifta i 1993. Vi er fem tilsette med kontor i Stryn og har over 140 medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar - frå campingplassar og festivalar til hotellkonsern og restaurantar.

Vi løftar fram Nordfjord som destinasjon på nordfjord.no, fjordnorway.com og visitnorway.com og utviklar reisemålet saman med næringa og kommunane. Vi jobbar med alt frå markedsarbeid mot gjestene og bransje til medlemsoppfølging, besøksforvaltning og berekraft.

Reisemålet Nordfjord, med kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn, fekk Merket for bærekraftig reisemål i 2025. Visit Nordfjord er sjølv sertifisert som Miljøfyrtårn.

Les meir om Visit Nordfjord: nordfjord.no/bransje

Opplev Nordfjord som reisemål: nordfjord.no

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7bcce1ad-5644-48ab-ab04-e5591a108bf8

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

7bcce1ad-5644-48ab-ab04-e5591a108bf8

Lignende annonser

Laster lignende annonser