Kontormedarbeidar i Jordalen Entreprenør AS på Voss
Jordalen Entreprenør AS
Liavegen 33, 5705 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Kontormedarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Me ser etter ein engasjert kontormedarbeidar som ynskjer å bidra i vårt lag, og som vil vera med på å utvikle og effektivisere våre administrative prosessar.
Som kontormedarbeidar hjå oss vil du vera ein sentral person i den daglege drifta, og du får ansvar for administrativ drift, økonomioppfylling og støttefunksjonar i selskapet. Du vil spele ei viktig rolle i å sikre effektiv drift og bidra til selskapets vekst. Stillinga passar for deg som likar orden og system, og som tar ansvar i ein variert og sjølvstendig rolle.
Du er/har:
-
Erfaring frå administrativt arbeid, kontoradministrasjon eller liknande
-
God IKT kompetanse
-
Erfaring med rekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav.
-
Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
-
Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
-
Positiv og imøtekommande
Arbeidsoppgåver*:*
-
Kontaktpunkt
-
Lønn
-
Økonomi og rekneskap
-
Fakturering
-
Personaladministrasjon
-
Behandling av post/e-post
-
Utarbeiding og oppfylling av dokumentasjon, rapportar og godkjenningar.
-
Praktiske og førefallande oppgåver
Hjå oss får du:
-
Spanande og utfordrande kvardag
-
Gode pensjons og forsikringsordningar
-
Konkurransedyktige vilkår for lønn.
-
Moglegheit for fagleg utvikling og opplæring
-
Kjekke kollegar
-
Primær arbeidstid 07.00-15.00
Om bedriften
Jordalen Entreprenør AS er eit maskinentreprenørfirma med i underkant av 30 tilsette.
Me driv allsidig anleggsarbeid med særleg vekt på utføring av kommunaltekniske anlegg og vegbygging.
Me er ei godt etablert bedrift frå 1988, med solid økonomi.
Basen vår er i Liahagen på Voss og det naturlege marknadsområdet vårt er i Voss og omegn.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7afaf16e-1abb-4ca7-9109-16f837119af1
- Hentet fra
FINN
- Referanse
431863102