Miljøterapeut
Tenester til menneske med utviklingshemming
Furuflaten 4, 5600 Norheimsund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Vil du bli vår nye kollega?
Ledig 100% fast stilling som vernepleiar - fom. desember 2025. Stillinga inneber dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.
Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
- Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak
- I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging og arbeid med indivduell plan
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
- Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar
- Du må ha relevant arbeidserfaring
- Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- Førarkort klasse B
- God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Trygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar
- God relasjonsevne
- Ha ei genuin interesse for fagfeltet
- Kunna jobba sjølvstendig
- Trivst med kombinasjonen av administrative oppgåver og praktisk miljøarbeid
- Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre
Me tilbyr
- Fagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
- Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
- Leiarar som ser heilskap
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Thale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +47 941 71 804Arbeidsstad
Furuflaten 45600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5015280263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Thale Valland
Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester
+47 941 71 804
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7aeb5070-6816-4f99-a8fe-1f1ac0a2da92
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4addcf19b76647d6abdf0367193b9821