Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid - Ung Arena

Sted

Gamleveg 44, 3802 Bø i Telemark

Om jobben

Oppstart
4. januar 2027
Stillingstittel
Psykolog - fast -
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

Vil du vere med på å forme framtidas psykiske helsetenester for barn og unge?
Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk psykolog som ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje tilbodet til barn, ungdom (13-20 år) og familiar gjennom tidleg innsats, helsefremjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Det vil vere tett samarbeid med leier, øvrige i avdelinga og relevante andre innanfor oppvekst og helse i kommunen.

Som psykolog ved Ung Arena får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit lågterskeltilbod for barn og unge, der samskaping, medverknad og samarbeid står sentralt.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, vurdering, utgreiing og behandling i tråd med Helsedirektoratets krav til kommunane
  • Samtalar med barn, ungdom og familiar
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid på system- og individnivå
  • Rettleiing av kollegaer og samskaping med fagpersonar, studentar, erfaringskonsulentar, frivillige og andre
  • Deltaking i tverrfaglege team, som t.d. konsultasjonsteam
  • Samarbeid med kommunale og interkommunale hjelpetenester, mellom anna helse- og omsorgstenester, barnevern, skulane, pedagogisk-psykologisk teneste og NAV
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta
  • Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God digital kompetanse
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Ønska kompetanse 

  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Erfaring med førebyggjande og helsefremjande arbeid, gjerne utviklingsarbeid
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenester
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Særskilde krav
  • Krav om politiattest, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stillinga.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Engasjert i fagutvikling, førebyggjande og helsefremjande arbeid
  • Trygg, tillitvekkjande og relasjonssterk i møte med barn og ungdom
  • Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Trond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742

Arbeidsstad

Gamleveg 44
3802 BØ I TELEMARK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5178558101
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Trond Garborg

Avd. leiar

+47 99206742

Om bedriften

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7abdd3a6-693e-4135-abc5-d479ff54740e

Sist endret

17. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b4c6476b9e4e4bff97a57d66862276a3

Lignende annonser

Laster lignende annonser